Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Kings 22

:
Norwegian - NO2011NN
1 Aramearane og israelittane heldt seg no i ro i tre år; det var ingen krig mellom dei.
2 Tredje året drog Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.
3 sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!»
4 Og til Josjafat sa han: «Vil du med meg i krig mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
5 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først HERREN til råds!»
6 samla Israels-kongen profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Herren vil gje byen i kongens hender.»
7 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av HERRENS profetar her som vi òg kunne spørja?»
8 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne til å spørja HERREN. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
9 ropa Israels-kongen ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
10 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud kvar sin kongsstol, ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
11 Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier HERREN: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende dei.»
12 Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, skal du ha lukka med deg. HERREN vil gje byen i kongens hender.»
13 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!»
14 Men Mika svara: «Så sant HERREN lever: Det HERREN seier til meg, det eg tala.»
15 han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, skal du ha lukka med deg! HERREN vil gje byen i hendene kongen.»
16 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja at du ikkje seier meg anna enn sanninga i HERRENS namn?»
17 sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og HERREN sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»
18 sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
19 Mika sa: høyr HERRENS ord! Eg såg HERREN sitja kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme høgre og somme venstre sida.
20 spurde HERREN: «Kven vil lokka Ahab han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara og ein annan så.
21 gjekk ei ånd fram, stilte seg for HERRENS andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde HERREN.
22 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen alle profetane hans.» sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»
23 har HERREN lagt ei løgnarånd i munnen alle desse profetane dine. HERREN har varsla ulukke for deg.
24 gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika kinnet og sa: «Korleis har HERRENS ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»
25 Mika svara: «Det skal du sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
26 sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
27 og sei: seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
28 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, har ikkje HERREN tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
29 drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.
30 Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha deg dei vanlege kleda dine.» kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen.
31 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»
32 vognkommandantane fekk auge Josjafat, sa dei: «Det vera Israels-kongen.» vende dei seg mot han og gjekk til åtak. sette Josjafat i å ropa høgt.
33 vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
34 Men ein mann spente bogen og skaut måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»
35 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna.
36 Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»
37 Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.
38 Og dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som HERREN hadde sagt.
39 Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
40 gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.
41 Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.
42 Han var trettifem år gammal han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.
43 Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i HERRENS auge.
44 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse haugane.
45 Josjafat heldt fred med kongen i Israel.
46 Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
47 Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.
48 Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.
49 Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
50 Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.
51 gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.
52 Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.
53 Ahasja gjorde det som vondt var i HERRENS auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda.
54 Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde HERREN, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.