Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Corinthians 5

:
Norwegian - NO2011NN
1 Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.
2 Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk.
3 For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades.
4 De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.
5 skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, ånda kan bli frelst Herrens dag.
6 De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen?
7 Reins ut den gamle surdeigen de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.
8 lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.
9 I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha omgang med folk som lever i hor.
10 meinte eg ikkje alle her i verda som lever i hor, heller ikkje dei grådige, ransmennene og avgudsdyrkarane. For måtte de ut av denne verda.
11 Det eg meinte med det eg skreiv, var at de ikkje skal ha noko å gjera med ein som blir kalla bror, men som lever i hor, er grådig eller dyrkar avgudar, er ein spottar, drankar eller ransmann. Slike skal de heller ikkje eta i lag med.
12 Kva har vel eg med å dømma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor, de skal dømma?
13 Dei som står utanfor, skal Gud dømma. støyt den vonde ifrå dykk!