Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

1 Chronicles 25

:
Norwegian - NO2011NN
1 David og hærførarane skilde ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun for tempeltenesta. Dei var profetar som spela lyre, harpe og symbalar. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:
2 av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela, sønene til Asaf, under leiing av Asaf, som profeterte oppdrag frå kongen;
3 av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i alt, under leiing av Jedutun, far deira, som profeterte til HERRENS lov og pris lyre;
4 av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.
5 Alle var dei søner av Heman, sjåaren til kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.
6 Alle desse stod under leiing av far sin når dei song ved gudstenesta i HERRENS hus til tonane frå symbalar, harper og lyrer. Asaf, Jedutun og Heman stod under leiing av kongen.
7 Talet dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for HERREN, var 288, dugande songarar alle saman.
8 Dei kasta lodd om vaktordninga etter prinsippet «liten som stor, meisteren som læresveinen».
9 Det første loddet fall Josef av Asaf-slekta; det andre Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i alt;
10 det tredje Sakkur med søner og brør, tolv i alt;
11 det fjerde fall Jisri med søner og brør, tolv i alt;
12 det femte Netanja med søner og brør, tolv i alt;
13 det sjette Bukkia med søner og brør, tolv i alt;
14 det sjuande Jesarela med søner og brør, tolv i alt;
15 det åttande fall Jesaja med søner og brør, tolv i alt;
16 det niande Mattanja med søner og brør, tolv i alt;
17 det tiande Sjimi med søner og brør, tolv i alt;
18 det ellevte Asarel med søner og brør, tolv i alt;
19 det tolvte fall Hasjabja med søner og brør, tolv i alt;
20 det trettande Sjubael med søner og brør, tolv i alt;
21 det fjortande Mattitja med søner og brør, tolv i alt;
22 det femtande Jeremot med søner og brør, tolv i alt;
23 det sekstande fall Hananja med søner og brør, tolv i alt;
24 det syttande Josjbekasja med søner og brør, tolv i alt;
25 det attande Hanani med søner og brør, tolv i alt;
26 det nittande Malloti med søner og brør, tolv i alt;
27 det tjuande fall Eliata med søner og brør, tolv i alt;
28 det tjueførste Hotir med søner og brør, tolv i alt;
29 det tjueandre Giddalti med søner og brør, tolv i alt;
30 det tjuetredje Mahasiot med søner og brør, tolv i alt,
31 og det tjuefjerde loddet fall Romamti-Eser med søner og brør, tolv i alt.