Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Song of Solomon 6

:
Norwegian - NO1978NN
1 «Kvar er din ven faren, du fagraste av kvinner? Sei, kvar har din ven ¬teke vegen, vi kan vera med deg ¬og leita.»
2 «Min ven gjekk ned ¬i hagen sin, til dei angande blomesenger. Han ville gjæta i hagane og sanka liljer der.
3 Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer.»
4 Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad, yndefull som Jerusalem, ageleg som ein hær ¬under merke.
5 Vend augo dine frå meg, dei villar meg. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter ¬Gileads fjell.
6 Dine tenner er som sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam.
7 Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret.
8 Seksti dronningar er der, åtti fylgjekoner og terner utan tal.
9 Men berre ei er mi due, mi lytelause, reine, einaste barnet til mor si, gullabarnet åt ho ¬som fødde henne. Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl; dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.
10 «Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden, fager som fullmånen, ¬skir som sola og ageleg ¬som ein hær under merke?»
11 Eg gjekk ned i natahagen, ville sjå kor det grønkast ¬i dalen, om vintreet hadde sett ¬nye skot, om granataplane blømde.
12 Men før eg vardest, fylgde eg mine hugskot og steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.
13 «Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente! Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!» «Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jenta når ho rekkjedansen trør?»