Song of Solomon 1
1 Salomos høgsong.
2 Gjev han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Din kjærleik er betre enn vin.
3 Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar; ein angande salve ¬er ditt namn, difor held møyane av deg.
4 Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa! Kongen har ført meg ¬inn i sin kove. Vi vil fegnast ¬og gleda oss over deg og prisa din kjærleik ¬meir enn vin. Hugheilt elskar dei deg.
5 Svart er eg, men ven, de Jerusalems møyar, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjelddukar.
6 Sjå ikkje på at eg er så svart, at sola har brent meg. Sønene åt mor mi ¬harmast på meg, dei sette meg ¬til å vakta vingardane. Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.
7 «Sei meg, ¬du som eg har så kjær, kvar gjæter du di hjord? Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid? Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slør der venene dine ¬gjæter si hjord?»
8 «Veit du det ikkje, du fagraste av kvinner, så fylg berre faret etter flokken, og lat dine kje få beita innmed hyrdingbuene!»
9 «Med folane for faraos vogner vil eg likna deg, min hugnad.
10 Vene er dine kinn, ¬prydde med band, og din hals med perler.
11 Lekkjer av gull skal vi laga deg og med sølvperler på.»
12 Ljuvleg angar ¬min nardussalve så lenge kongen er med i laget.
13 Min ven er lik myrrabunten som kviler ved min barm.
14 Min ven ¬er som ein blømande kvist på hennabusken ¬i En-Gedis hagar.
15 «Kor fager du er, min ven, ja, fager med augo som duer!»
16 «Kor fager du er, min ven, kor yndefull du er! Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.
17 Sedrar er bjelkar i vårt hus, sypressar er tak og himling.»