Deuteronomy 4NO1978NN

1Så høyr no, Israel, dei føresegner og bod som eg lærer dykk! Hald dykk etter dei, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige.

2De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk.

3Med eigne augo såg de kva Herren gjorde ved Ba’al-Peor. Kvar mann som heldt seg til Ba’al-Peor, rudde Herren din Gud ut or folket.

4Men de som heldt fast ved Herren dykkar Gud, har alle fått leva til denne dag.

5Sjå, eg har lært dykk føresegner og bod, såleis som Herren min Gud sa til meg, så de skal leva etter dei i det landet de no går inn i og legg under dykk.

6Så legg då vinn på å leva etter dei! For då får de ord for visdom og klokskap hjå andre folkeslag. Når dei høyrer alle desse føresegnene, kjem dei til å seia: «Kor vist og vitug det er, dette store folket!»

7Kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har ein gud som er folket sitt så nær som Herren vår Gud er oss kvar gong vi kallar på han?

8Og kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har så rettvise føresegner og bod som heile den lova eg legg fram for dykk i dag?

9Ta deg i vare og akta deg vel, så du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri gå deg or minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine

10om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å ottast meg alle sine dagar på jorda, og læra borna sine det same.»

11Då kom de og stod innmed foten av fjellet, medan fjellet stod i ljos loge høgt opp mot himmelen, med mørker, skyer og skodd ikring.

12Og Herren tala til dykk ut or elden. De høyrde orda, men nokon skapnad såg de ikkje. Det var berre ei røyst de høyrde.

13Han kunngjorde dykk pakta si som han baud dykk å halda, dei ti bodorda, og han skreiv dei på to steintavler.

14Same gongen baud Herren meg å læra dykk dei føresegner og bod som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

15De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk på Horeb, midt ut or elden. Ta dykk difor vel i vare,

16og far ikkje så ille åt at de lagar dykk gudebilete i nokon skapnad, bilete av mann eller kvinne,

17bilete av noko dyr på jorda eller nokon fugl som flyg under himmelen,

18bilete av noko kryp på marka eller av nokon fisk i vatnet under jorda.

19Og når du lyfter augo dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, då må du ikkje la deg riva med, så du bøyer deg og tilbed dei og dyrkar dei. Alt dette har Herren din Gud gjeve til alle andre folk under himmelen,

20men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, or Egypt, så de skal vera hans eige folk, som de er i dag.

21Men Herren vart vreid på meg for dykkar skuld og svor at eg ikkje skulle få gå over Jordan og koma inn i det gode landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eige.

22Eg må døy i dette landet og får ikkje koma over Jordan. Men de skal få gå over og ta det gode landet i eige.

23Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk. Lag dykk ikkje gudebilete i nokon skapnad! Det har Herren din Gud forbode deg.

24For Herren din Gud er ein øydande eld, ein brennhuga Gud.

25De skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Ber de dykk så ille åt at de lagar gudebilete i ein eller annan skapnad og såleis gjer det som er Herren dykkar Gud imot og harmar han,

26skal de snart verta utrudde or det landet de får i eige når de går over Jordan. Det tek eg himmel og jord til vitne på. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne.

27Herren skal spreia dykk mellom folka. Berre nokre få av dykk skal vera att mellom dei folkeslaga han fører dykk bort til.

28Der må de dyrka gudar som menneskehender har laga, stokk og stein, som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta.

29Og dersom du søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarta og heile din hug.

30Når du er i trengsle, og alt dette kjem over deg, langt fram i tida, skal du venda om til Herren din Gud og lyda orda hans.

31For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og lèt deg ikkje gå til grunne. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid.

32Spør berre om dei framfarne dagar, som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneske på jorda, og spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, eller har nokon høyrt om slikt?

33Har eit folk høyrt Gud tala ut or elden, så som du gjorde, og endå fått leva?

34Eller har nokon gud freista å koma og ta seg eit folk og føra det bort frå eit anna folk med plager og teikn, med under og krig, med sterk hand og strak arm og store, skræmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt.

35Du fekk sjå det, så du skulle vita at Herren er Gud, han og ingen annan.

36Frå himmelen lét han deg høyra røysta si, fordi han ville rettleia deg. Og på jorda synte han deg den store elden sin, og midt ut or elden høyrde du orda hans.

37Han elska fedrane dine og valde ut ætta deira; difor førte han deg ut or Egypt med si store makt.

38For di skuld dreiv han ut folkeslag som var større og sterkare enn du, førte deg inn i landet deira og lét deg få det til odel og eige, som det er i dag.

39Så skal du no vita og leggja deg på hjarta at Herren er Gud, både oppi himmelen og nedpå jorda, han og ingen annan.

40Du skal halda føresegnene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg og borna dine vel, og du skal få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid.

41På den tid skilde Moses ut tre byar austanfor Jordan.

42Dit kunne ein drapsmann røma når han hadde slege nokon i hel av vanvare og ikkje bar hat til han frå før. Rømde han til ein av desse byane, berga han livet.

43Det var Beser på slettelandet i øydemarka for Rubens-ætta, Ramot i Gilead for Gads-ætta, og Golan i Basan for Manasse-ætta.

44Dette er den lova Moses la fram for israelittane.

45Og dette er dei bod, føresegner og domar som Moses kunngjorde for israelittane på ferda frå Egypt.

46Det hende austanfor Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som hadde høyrt amorittkongen Sihon til, han som budde i Hesjbon. Moses og israelittane vann over han då dei kom frå Egypt.

47Og dei tok både hans land og landet åt Og, kongen i Basan. Det var desse to amorittkongane som rådde over landet i aust, på hi sida av Jordan,

48frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, til Sirjon-fjellet, det er Hermon,

49og heile Araba-sletta austanfor Jordan, radt til Araba-sjøen nedanfor Pisga-liene.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.