Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Samuel 22

:
Norwegian - NO1978NN
1 Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren.
2 Han sa: Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,
3 min Gud, mitt fjell ¬som eg flyr til. Han er mitt skjold, ¬mitt frelsehorn og mitt vern, mi livd, min hjelpar ¬som friar meg frå vald.
4 Eg kallar Herren, ¬han som får lovsong, og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.
5 Dødens brotsjøar ¬braut ikring meg, undergangsstraumane ¬skræmde meg.
6 Helheims reip ¬snørte seg om meg, dødens snarer låg i min veg.
7 kalla eg Herren ¬i mi naud og ropa til min Gud. Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel, til hans øyra nådde mitt rop.
8 skalv og riste jorda, himmelens grunnvollar skok, dei skalv fordi han var harm.
9 Røyk steig opp or hans nase, øydande eld or hans munn; gneistar og glør fór ut frå han.
10 Han senka himmelen ¬og steig ned med svarte skyer ¬under sine føter.
11 Sitjande kjerubar flaug han, kom til synes ¬på vengene åt vinden.
12 Han gjorde mørkret til sitt telt, og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer.
13 Frå stråleglansen framføre han fór det ut gneistar og glør.
14 Herren torna frå himmelen, Den Høgste lét røysta si lyda.
15 Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar, han sende lyn og skræmde dei.
16 Rennene havbotnen ¬kom til synes, grunnvollane under jorda ¬viste seg Herren truga, ja, bles og fnyste av vreide.
17 Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg, drog meg opp ¬or det djupe vatnet.
18 Han berga meg ¬frå min mektige fiende, frå motstandarar ¬som var meg for sterke.
19 Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen, men Herren var ei støtte ¬for meg.
20 Han førte meg ut i ope lende og fria meg ut, ¬for han har meg kjær.
21 Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd, han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.
22 For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.
23 Alle hans lover ¬hadde eg for auga og veik ikkje av frå hans bod.
24 For han var eg heil i mi ferd og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferd, han såg at eg var rein.
26 Du er trufast ¬mot den som er trufast, heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar.
27 Du viser deg rein mot ¬den reine, men vrang mot den svikefulle.
28 Du frelser dei hjelpelause, men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei.
29 Ja, du er mitt ljos, Herre, Herren lyser opp i mitt mørker.
30 Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk, med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.
31 Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som flyr til han.
32 For kven er Gud ¬forutan Herren, og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?
33 Gud er mitt sterke vern; han gjer mi ferd ulastande.
34 Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå høgdene.
35 Han lærer opp mine hender ¬til strid, mine armar til å spenna ¬bronsebogen.
36 Du gjev meg di frelse til skjold, bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du jamnar veg for mine steg, og mine okle er støe.
38 Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut, eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende dei.
39 Eg gjer ende dei ¬og rydjar dei ut, dei ikkje kan reisa seg, men ligg under føtene mine.
40 Du rustar meg ¬med styrke til striden og tvingar mine motstandarar ¬i kne.
41 Du slår mine fiendar flukt, eg rydjar ut dei som hatar meg.
42 Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar, dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.
43 Eg knuser dei ¬som støv jorda, trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata.
44 Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid, heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag. Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg;
45 framande kryp for meg, dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.
46 Ja, dei framande er utmødde, skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.
47 Herren lever! ¬Mitt berg vere lova! Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar.
48 Gud gjev meg hemn og legg folkeslag under meg.
49 Han friar meg frå mine fiendar, ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar og bergar meg frå valdsmenn.
50 Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre, og prisar ditt namn med song.
51 Han gjev sin konge store sigrar, han er trufast ¬mot den han har salva, mot David og hans ætt ¬til evig tid.