Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

2 Kings 7

:
Norwegian - NO1978NN
1 sa Elisja: «Høyr Herrens ord! seier Herren: I morgon denne tid skal dei selja ein sea kveitemjøl for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel torget i Samaria.»
2 Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: «Om Herren laga luker himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
3 Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: «Kvifor skal vi sitja her til vi døyr?
4 Seier vi at vi vil inn i byen, vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, vi òg døy. Kom, lat oss over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.»
5 I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.
6 For Herren hadde laga det at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. sa dei seg imellom: «Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!»
7 tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde harde livet.
8 mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det.
9 Men sa dei seg imellom: «Det er ikkje rett det vi no gjer. Dette er dagen vi kan bera gledebod. Teier vi og dryer til det ljosnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss og seia frå i kongsgarden!»
10 gjekk dei og ropa vakta i byporten. «Vi kom til leiren åt aramearane,» fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.»
11 Portvaktarane kunngjorde dette, og det vart meldt i kongsgarden.
12 stod kongen opp midt natta og sa til mennene sine: «Eg skal seia dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg utpå marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut or byen, tek vi dei levande, og kan vi trengja inn i byen.»
13 Men ein av kongsmennene svara: «Lat nokre av folka dine ta fem av dei hestane som er att i byen. Vi sender dei av stad, får vi sjå. Det kan ikkje dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.»
14 henta dei to ryttarar, som kongen sende av stad etter aramearhæren. «Far i veg og sjå!» sa han.
15 Dei fylgde etter aramearane radt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og våpen som aramearane hadde kasta frå seg dei rømde. Sendeboda kom att og sa frå om dette til kongen.
16 No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel.
17 Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han.
18 sa han til kongen: «I morgon denne tid skal dei selja to sea byggmjøl for ein sekel og ein sea kveitemjøl for ein sekel torget i Samaria.»
19 tok våpensveinen til ords og sa til gudsmannen: «Om Herren laga luker himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
20 Og såleis gjekk det. Folket trakka han i hel i porten.