Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 26

:
Norwegian - NO1978NN
1 tok heile Juda-folket og gjorde Ussia, som var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.
2 Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.
3 Ussia var seksten år gamal han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
4 Ussia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.
5 Han søkte Gud lenge Sakarja levde, han som skjøna seg syner frå Gud. Og lenge han søkte Herren, lét Gud allting lukkast for han.
6 Ussia drog i hærferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar i Asjdod-bygda og andre stader i Filistarlandet.
7 Gud hjelpte han mot filistarane, mot dei arabarane som budde i Gur-Ba’al og mot me’unittane.
8 Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han fekk større og større makt.
9 Ussia bygde tårn i Jerusalem, ved Hjørneporten og Dalporten og ved Kroken. Såleis gjorde han desse stadene sterke.
10 I øydemarka bygde han òg tårn og hogg ut mange brunnar; for han hadde mykje fe både i Sjefela og høgsletta. Og han heldt arbeidsfolk som dyrka jorda og stelte vintrea fjella og i hagane; for jordbruket låg han hjarta.
11 Ussia hadde ein stridsbudd hær, som drog ut i krig i flokkar som var mønstra og talde av riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.
12 Dei ættehovdingane som var djerve stridsmenn, var 2 600 i talet.
13 Under dei stod det ei hærmakt 307 500 mann, som gjekk i striden med mot og makt til å hjelpa kongen mot fienden.
14 Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.
15 I Jerusalem fekk han laga kunstferdig uttenkte krigsmaskinar, som skulle stå tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Og gjetordet om han nådde vide ikring; for han fekk hjelp underfull vis, makta hans vart stor.
16 Men han hadde fått slik makt, vart hjarta hans fullt av hovmod at han bar seg ille åt og sveik Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens heilagdom og ville brenna røykjelse røykjelsesaltaret.
17 Men Asarja, presten, fylgde etter han og hadde med seg åtti andre av Herrens prestar, uredde menn.
18 Dei steig fram mot kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Arons-sønene, som er vigde til det. ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hjå Herren din Gud.»
19 vart Ussia arg. Han stod alt med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men med det same han vart arg prestane, braut det ut panna hans ein hudsjukdom som gjorde han urein der han stod framfor prestane, attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.
20 Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde hudsjukdom i panna. dreiv dei han bort med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, fordi Herren hadde råma han.
21 Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.
22 Det som elles er å seia om Ussia, frå fyrst til sist, det har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp.
23 Ussia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og dei gravla han marka utanfor gravstaden åt kongane. For dei sa: «Han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.» Jotam, son hans, vart konge etter han.