Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 10

:
Norwegian - NO1978NN
1 Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.
2 Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo; men no kom han heim att derifrå.
3 Dei sende bod etter Jeroboam. Og kom han og heile Israel til Rehabeam og sa:
4 «Far din la eit tungt åk oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la oss, skal vi tena deg.»
5 Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom hit att til meg!» gjekk folket sin veg.
6 Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»
7 Dei sa: «Syner du deg venleg mot dette folket, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»
8 Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.
9 «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la dei.»
10 svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk oss. Gjer no du det lettare for oss! skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min.
11 Far min la eit tungt åk dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»
12 Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, som kongen hadde bede dei han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»
13 Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,
14 men svara som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»
15 Kongen høyrde ikkje folket. Gud laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.
16 no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra dei, gav dei han dette svaret: «Kva del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, ¬for ditt eige hus!» fór alle israelittane heim att.
17 Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.
18 Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.
19 Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.