Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Chronicles 25

:
Norwegian - NO1978NN
1 skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:
2 av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød som kongen hadde sagt føre;
3 av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela lyre til Herrens lov og pris;
4 av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.
5 Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.
6 Alle desse stod under fedrane sine, Asaf, Jedutun og Heman, når dei var med gudstenesta i Herrens hus og song til tonane frå cymblar, harper og lyrer, alt etter føresegn frå kongen.
7 Talet dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var to hundre og åttiåtte, dugande songarar alle saman.
8 Dei kasta lodd om arbeidet sitt, og alle stod likt, den minste som den største, meisteren som læresveinen.
9 Det fyrste loddet fall Josef av Asaf-ætta; den andre var Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i talet;
10 den tredje var Sakkur med søner og brør, tolv i talet.
11 Det fjerde loddet fall Jisri med søner og brør, tolv i talet;
12 den femte var Netanja med søner og brør, tolv i talet;
13 den sjette var Bukkia med søner og brør, tolv i talet;
14 den sjuande var Jesarela med søner og brør, tolv i talet;
15 den åttande var Jesaja med søner og brør, tolv i talet;
16 den niande var Mattanja med søner og brør, tolv i talet;
17 den tiande var Sjimi med søner og brør, tolv i talet;
18 den ellevte var Asarel med søner og brør, tolv i talet.
19 Det tolvte loddet fall Hasjabja med søner og brør, tolv i talet;
20 den trettande var Sjubael med søner og brør, tolv i talet;
21 den fjortande var Mattitja med søner og brør, tolv i talet.
22 Det femtande loddet fall Jeremot med søner og brør, tolv i talet;
23 det sekstande fall Hananja med søner og brør, tolv i talet;
24 det syttande fall Josjbekasja med søner og brør, tolv i talet;
25 det attande fall Hanani med søner og brør, tolv i talet;
26 det nittande fall Malloti med søner og brør, tolv i talet;
27 det tjuande fall Eliata med søner og brør, tolv i talet;
28 det tjuefyrste fall Hotir med søner og brør, tolv i talet;
29 det tjueandre fall Giddalti med søner og brør, tolv i talet;
30 det tjuetredje fall Mahasiot med søner og brør, tolv i talet,
31 og det tjuefjerde fall Romamti-Eser med søner og brør, tolv i talet.