Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Chronicles 24

:
Norwegian - NO1978NN
1 Arons-sønene òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde før far sin og hadde ingen søner. Det var såleis berre Elasar og Itamar som vart prestar.
3 Saman med Sadok av Elasar-sønene og Akimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i flokkar etter den tenesta dei skulle ha.
4 Men det synte seg at Elasar-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamar-sønene, laga dei det at Elasar-sønene fekk seksten hovdingar for sine ættgreiner og Itamar-sønene åtte for sine ættgreiner.
5 Det var med loddkasting dei delte dei, begge ættene. For det fanst leiarar for det heilage, for det som har med Gud å gjera, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene.
6 Skrivaren Sjemaja, son til Netanel av Levi-ætta, skreiv dei opp, medan kongen og stormennene, presten Sadok og Akimelek, son til Ebjatar, og ættehovdingane åt prestane og levittane såg på. Kvar gong dei tok ut ei ættgrein for Itamar, tok dei ut to for Elasar.
7 Det fyrste loddet fall Jojarib, det andre Jedaja,
8 det tredje Harim, det fjerde Seorim,
9 det femte Malkia, det sjette Mijamin,
10 det sjuande Hakkos, det åttande Abia,
11 det niande Jesjua, det tiande Sjekanja,
12 det ellevte Eljasjib, det tolvte Jakim,
13 det trettande Huppa, det fjortande Jesjebab,
14 det femtande Bilga, det sekstande Immer,
15 det syttande Hesir, det attande Happisses,
16 det nittande Petakja, det tjuande Jeheskel,
17 det tjuefyrste Jakin, det tjueandre Gamul,
18 det tjuetredje Delaja og det tjuefjerde Ma’asja.
19 Dette var dei skifta dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus, som Aron, ættefar deira, hadde sagt dei føre etter det påbodet han hadde fått frå Herren, Israels Gud.
20 Dei andre Levi-sønene var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jekdeja;
21 av Rehabja-sønene Jisjia, som var hovding;
22 av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat;
23 av Hebron-sønene Jeria den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam;
24 av Ussiel-sønene Mika; av Mika-sønene Sjamir
25 bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;
26 av Merari-sønene Makli og Musji mellom sønene hans var Ja’asia òg,
27 og etterkomarar etter Merari gjennom Ja’asia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri;
28 av Makli-sønene Elasar, som ikkje hadde søner sjølv;
29 av Kisj-sønene Jerakme’el;
30 av Musji-sønene Makli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, ættgrein for ættgrein.
31 Dei òg kasta lodd, liksom Arons-sønene, brørne deira, medan kong David, Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levittane stod og såg på, dei fremste ættgreinene vel som dei ringaste.