1Kvar helst er venen din gjengen, du fagraste av kvinnor, kvar helst hev din ven teke vegen, so me kann leita etter han med deg?
2Min ven gjekk ned til hagen sin, til dei angande blomesenger, vilde gjæta i hagane og sanka liljor.
3Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.
4Du er fager som Tirsa, min hugnad, ljuvleg som Jerusalem, ageleg som herar med sine merke.
5Snu augo dine frå meg, for dei gjer meg redd! Håret ditt er som ein geiteflokk som lægrar seg nedetter Gilead.
6Dine tenner er som ein flokk med sauer, nett komne or lauget; tvillingar hev dei alle, og ingen av dei er utan lamb.
7Som eit granateple-brot er din tinning bak sløret ditt.
8Seksti dronningar hev eg og åtti fylgjekonor og av møyar ein endelaus lyd.
9Men berre ei er mi duva, mi reine, einaste barnet til mor, gullbarnet hennar som åtte henne; møyar såg henne og sælka henne, dronningar og fylgjekonor hyllte henne.
10Kven er ho som strålar fram som morgonroden, fager som månen, skir som soli, ageleg som ein herar med sine merke?
11Eg gjekk ned i natehagen, vilde sjå kor det grønkast i dalen, vilde sjå um vintreet spratt, um granatepletrei bar blom.
12Eg visste ikkje av fyrr hugen drog meg og sette meg upp på mitt gjæve folks vogner.
13Å, snu deg, snu deg, Sulammit! Snu deg, snu deg, so me fær sjå på deg! - Kva vil de sjå på Sulammit? - Ein dans som i Mahana'im!