Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Song of Solomon 8

:
Norwegian - NO1938N
1 Å, gjev du var som ein bror for meg, hadde soge brjostet åt mor mi! Um eg fann deg der ute, so kysste eg deg, og ingen vanvyrde meg for det.
2 Eg leidde deg, førde deg til huset åt mor mi, og du skulde læra meg; eg skjenkte deg krydde-vinen, safti av granattreet mitt.
3 Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
4 Eg naudbed dykk, Jerusalems døtter! Kvi vil de vekkja, og kvi vil de eggja kjærleiken, fyrr han sjølv so vil?
5 Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, studd til sin ven? Under apalen vekte eg deg; der var det mor di åtte deg, der fekk ho deg, ho som fødde deg.
6 Set meg til innsigle ditt hjarta, til innsigle din arm; for sterk som dauden er kjærleiken, strid som helheimen i si trå; han brenn som den logande eld, ein Herrens loge.
7 Kor store vatni er, dei kann ikkje sløkkja kjærleiken, og ingi elvar kann fløda yver han; um nokon vilde gjeva for kjærleiken alt det han hev i sitt hus, so vart han berre til narr.
8 Me hev ei liti syster, som endå ikkje hev barm. Kva skal me gjera med syster vår den tid ho fær belarar?
9 Er ho ein mur, byggjer me han tindar av sylv; er ho ei dør, stengjer me henne med ein sederplanke.
10 Eg var ein mur, og min barm som tårni den; fekk han godhug for meg og gav meg fred.
11 Ein vingard hadde Salomo i Ba'al-Hamon, den vingarden gav han til vaktarar; kvar mann skulde gjeva tusund sekel sylv for frukti av han.
12 Yver min eigen vingard råder eg sjølv; dei tusund sekel er dine, Salomo, tvo hundrad er deira som vaktar frukti.
13 Du som bur inni hagane! Vener lyder di røyst; lat meg høyra henne!
14 Fly, du min ven! Ver som eit rådyr, som den unge hjorten fjell med angande urter!