Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Song of Solomon 3

:
Norwegian - NO1938N
1 lægjet leita eg um natti etter han som leikar i min hug; eg leita, men fann han ikkje.
2 [Då sa eg:] Eg vil upp og sviva kring i byen, gatone og torgi; eg vil leita etter han som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje.
3 Eg møtte vaktarane, som sviv ikring i byen. [Eg sa til dei:] Hev de set han som leikar i min hug?
4 Eg hadde ikkje fyrr gjenge frå dei, fyrr eg fann han som leikar i min hug. Eg tok fat han og eg slepper han ikkje fyrr eg fær han inn i huset åt mor mi, i koven hennar som åtte meg.
5 Eg naudbed dykk, de Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil!
6 Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, som var det røykstolpar, umfløymd av angande myrra og røykjelse, av alle slag kræmar-kryddor?
7 Sjå, her er Salomos seng med seksti kjempor ikring, av Israels herkjempor.
8 Alle er væpna med sverd, er røynde i hermannsyrket. Kvar ein ber sverdet ved lend til vern imot fårar um natti.
9 Ei bereseng laga kong Salomo seg av Libanons tre.
10 Stolpane laga han av sylv, ryggstøi av gull, puta av purpurraudt ty. Inni er ho i kjærleik prydd av Jerusalems døtter.
11 De Sions døtter, gakk ut og sjå kong Salomo med kruna som mor hans hev krynt han med hans brudlaupsdag, hans hjarte-fagnads dag.