Revelation 19NO1938N

1Deretter høyrde eg liksom ei høg røyst av ein stor skare i himmelen, som sa: Halleluja! Frelsa og æra og makti høyrer vår Gud til!

2For sanne og rettferdige er domane hans; han hev dømt den store skjøkja, ho som øydela jordi med hordomen sin, og han hev kravt blodet av tenarane sine or hennar hand!

3Og dei sa ein gong til: Halleluja! Og røyken av henne stig upp i all æva.

4Og dei fire og tjuge eldste og dei fire levendi fall ned og tilbad Gud, som sat på kongsstolen, og sa: Amen! Halleluja!

5Og det kom ei røyst ut frå kongsstolen, som sa: Lova vår Gud, alle de tenarane hans, og de som ottast han, både små og store!

6Og eg høyrde liksom ei røyst av ein stor skare og som ein ljod av mange vatn og som ein ljod av sterke toredunar, som sa: Halleluja! for Herren Gud, den allmektige, hev vorte konge!

7Lat oss gleda og fagna oss og gjeva han æra! for brudlaupet åt Lambet er kome, og bruri hans hev butt seg til,

8og det er henne gjeve å klæda seg i reint og skinande fint linty. For det fine lintyet er dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9Og han segjer til meg: Skriv: Sæle er dei som er bedne til brudlaupsnattverden åt Lambet! Og han segjer til meg: Dette er Guds sanne ord.

10Og eg fall ned for føtene hans og vilde tilbeda han; og han segjer til meg: Akta deg for det! eg er medtenar til deg og brørne dine, dei som hev Jesu vitnemål. Gud skal du tilbeda! For Jesus vitnemål er åndi i profetordet.

11Og eg såg himmelen opna og fekk der sjå ein kvit hest; og den som sat på han, heiter Trufast og Sannordig, og han dømer og strider med rettferd.

12Augo hans er som eldsloge, og på hovudet hans er det mange krunor; han hev eit namn skrive som ingen kjenner utan han sjølv,

13og han er klædd i ein klædnad som er duppa i blod, og han er kalla Guds Ord.

14Og herane i himmelen fylgde han på kvite hestar og klædde i kvitt og reint fint linty.

15Og or munnen hans gjeng det ut eit kvast sverd til å slå heidningane med; og han skal styra dei med jarnstav, og han trøder persa med den strenge vreide-vinen frå Gud, den allmektige.

16Og på klædnaden sin og på lendi si hev han eit namn skrive: Kongen yver kongar og herren yver herrar.

17Og eg såg ein engel som stod i soli, og han ropa med høg røyst og sa til alle fuglane som flyg under det høgste av himmelen: Kom og sanka dykk til Guds store matmål:

18til å eta kjøt av kongar og kjøt av herhovdingar og kjøt av veldige og kjøt av hestar og kjøt av dei som sat på dei, og kjøt av alle, frie og trælar, små og store!

19Og eg såg dyret og kongane på jordi og herane deira samankomne til å føra strid mot han som sat på hesten, og mot heren hans.

20Og dyret vart gripe, og saman med det den falske profeten, han som for augo på det hadde gjort dei teikni han hadde dåra dei med som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Desse tvo vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.

21Og dei andre vart drepne med sverdet hans som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane vart metta av kjøtet deira.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Revelation 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.