1Og eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: sju englar som hadde dei sju siste plagone; for med dei er Guds vreide fullenda.
2Og eg såg liksom eit glashav, blanda med eld; og dei som hadde vunne siger yver dyret og yver biletet av det og yver namnetalet på det, såg eg standa ved glashavet og halda Guds harpor.
3Og dei song songen åt Moses Guds tenar, og songen åt Lambet og sa: Store og underfulle er dine gjerningar, Herre Gud, du allmektige! Rettferdige og sanne er dine vegar, du konge yver folki!
4Kven skulde ikkje ottast, Herre, og æra ditt namn? Einast du er heilag, og alle folki skal koma og tilbeda for di åsyn, for di dine rettferdige domar hev vorte openberra.
5Sidan såg eg at templet med vitnemålstjeldet i himmelen vart opna,
6og dei sju englane som hadde dei sju plagone, kom ut or templet, klædde i reint og skinande linty og umbundne um bringa med gullbelte.
7Og eit av dei fire levendi gav dei sju englane sju gullskåler, fyllte med Guds vreide, hans som lever i all æva.
8Og templet var fyllt med røyk av Guds herlegdom og av hans makt; og ingen kunde ganga inn i templet fyrr dei sju plagone frå dei sju englane var fullenda.