1Til songmeisteren; etter Sjusjan edut; ein miktam av David til å læra, /
2då han stridde med syrarane frå Mesopotamia og syrarane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen.
3Gud! Du hev støytt oss burt, du hev slege oss og drive oss frå kvarandre, du var vreid; kveik oss upp att!
4Du hev fenge jordi til å skjelva og rivna; bøt no brestene, for ho stend ikkje stødt!
5Du hev late folket ditt sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla.
6Men du hev gjeve dei som ottast deg, eit hermerke til uppreising, for sanning skuld. Sela.
7For at dei du elskar, må verta frelste, so hjelp no med di høgre hand og bønhøyr oss!
8Gud hev tala i sin heilagdom. Eg vil fagna meg; eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.
9Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efra'im er vern for mitt hovud, Juda er min styrarstav.
10Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt av fagnad for meg, du Filistarland!
11Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?
12Er det ikkje du, Gud, du som støytte oss burt, du, Gud, som ikkje drog ut med våre herar?
13Gjev oss hjelp imot fienden for mannehjelp er fåfengd!
14Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal trakka ned våre fiendar.