Psalms 6NO1938N

1Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David. /

2Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!

3Ver meg nådig, Herre! for eg er burtvisna. Læk meg, Herre! for mine bein er forfærde,

4og mi sjel er storleg skjelvredd; og du, Herre, kor lenge?

5Vend deg um att, Herre, fria ut mi sjel, frels meg for di miskunn skuld!

6For i dauden kjem ingen deg i hug; kven vil prisa deg i helheimen?

7Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.

8Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle mine fiendar skuld.

9Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål.

10Herren hev høyrt mi naudbeding, Herren tek imot mi bøn.

11Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal vika attende, verta skjemde i ein augneblink.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.