Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 130

:
Norwegian - NO1938N
1 Ein song til høgtidsferdene. / Or djupet ropar eg deg, Herre!
2 Herre, høyr mi røyst, lat dine øyro akta mi bønerøyst!
3 Dersom du, Herre, vil gøyma misgjerningar, Herre, kven kann standa?
4 For hjå deg er forlatingi, so dei skal ottast deg.
5 Eg vonar Herren, mi sjel vonar, og eg ventar hans ord.
6 Mi sjel ventar Herren meir enn vaktmenner morgonen, vaktmenner morgonen.
7 Venta Herren, Israel! For hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå han,
8 og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.