1Ein song til høgtidsferdene; av David. / Glad vart eg då dei sa til meg: Me vil ganga til Herrens hus.
2Våre føter stend i dine portar, Jerusalem.
3Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop,
4der ættene fer upp, Herrens ætter, etter lovi for Israel, til å prisa Herrens namn.
5For der er domarstolar sette, stolar for Davids hus.
6Bed um fred for Jerusalem! Det gange dei vel som elskar deg!
7Fred vere innanfor din voll og ro i dine salar!
8For mine brør og vener skuld vil eg segja: Fred vere i deg!
9For Herrens, vår Guds hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.