Psalms 112NO1938N

1Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i bodi hans.

2Hans avkjøme skal vera veldigt på jordi; ætti av dei ærlege skal verta velsigna.

3Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.

4Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, for den som er nådig og miskunnsam og rettferdig.

5Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån; han hevdar all si sak i retten.

6For dei skal ikkje rikka han i all æva; den rettferdige skal vera i æveleg minne.

7For vond tidend skal han ikkje reddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.

8Hans hjarta er trygt; han reddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.

9Han hev strått ut, han hev gjeve til dei fatige; hans rettferd stend æveleg fast, hans horn skal verta upplyft med æra.

10Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp; det dei ugudlege trår etter, vert upp i inkje.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 112.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.