Psalms 101NO1938N

1Av David; ein salme. / Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.

2Eg vil akta på vegen den ulastande gjeng - når kjem du til meg? Eg vil ferdast i mitt hjartans uskyld i mitt hus.

3Eg vil ikkje setja meg fyre noko nidingsverk; å gjera misgjerd hatar eg, slikt skal ikkje hanga ved meg.

4Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, den vonde vil eg ikkje vita av.

5Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; den som hev stolte augo og eit ovmodigt hjarta, kann eg ikkje tola.

6Mine augo ser etter dei gudlege i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som ferdast på vegen åt den ulastande, han skal tena meg.

7I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.

8Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 101.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.