1Visdomsmøyi hev bygt seg hus, ho hev hogge til sine sju stolpar.
2Ho hev slakta sitt slakt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord;
3ho hev sendt ut sine ternor, ho ropar ovantil haugane i byen:
4Den som er fåkunnig, vende seg hit! Til den som er vitlaus, segjer ho:
5Kom og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!
6Lat dykkar fåkunna fara, so skal de leva, og gakk beint fram på vegen åt vitet!
7Den som refser ein spottar, avlar seg vanæra, og den som lastar ein gudlaus, fær skam av det.
8Lasta ikkje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg.
9Lær den vise, so vert han endå visare; lær den rettferdige, so gjeng han fram i lærdom.
10Otte for Herren er upphav til visdom, og å kjenna den Heilage er vit.
11For ved meg skal dine dagar aukast, og leveår fær du i rikt mål.
12Er du vis, so gagnar det deg sjølv, og er du ein spottar, lyt du lida for det åleine.
13Dårskapen er ei kvinna so vill, ho eig ikkje vit, og ingen ting veit ho.
14Ho sit utfor husdøri si på ein stol høgt uppe i byen
15og ropar til dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:
16Den som er fåkunnig, vende seg hit! Til den som er vitlaus, segjer ho:
17Stole vatn er søtt, og brød som vert ete i løynd, smakar godt.
18Men han veit ikkje at der bur daudingane, at hennar gjester er i helheims djup.