1Son min, tak vare på ordi mine og gøym min bod hjå deg!
2Tak vare på bodi mine, so skal du leva, og på læra mi som din augnestein!
3Bitt dei på fingrane dine, skriv dei på hjartetavla!
4Seg til visdomen: Du er mi syster, og kalla vitet din kjenning,
5so dei kann vara deg frå annanmanns kona, frå framande kvinnor, som talar sleipe ord.
6For gjenom vindauga i huset mitt, gjenom tralene skoda eg ut;
7då såg eg millom dei urøynde, eg gådde millom dei unge ein uviting,
8som gjekk framum på gata burtmed hyrna hennar og tok vegen til hennar hus,
9i skumingi, då det kvelda, i kolmyrke svarte natti.
10Då kom ei kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta.
11Vill er ho og styrlaus; heime hev hennar føter ikkje ro.
12Snart er ho på gata, snart på torgi, og attmed kvart hyrna stend ho på lur.
13Ho tok fat på han og kysste han, og med ubljug uppsyn sa ho til han:
14Takkoffer skulde eg bera fram, og i dag hev eg løyst mine lovnader;
15difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg.
16Mi seng hev eg reidt med teppe, med egyptiske roselakan.
17Eg hev strått utyver mi lega myrra, aloë og kanel.
18Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug!
19For mannen er ikkje heime, han er faren på langferd;
20pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.
21Ho fekk lokka han med si sterke fyreteljing, med sine sleipe lippor forførde ho han.
22Han fylgjer henne straks, lik ein ukse som gjeng til slaktarbenken, liksom i fotjarn, som dåren vert tukta med,
23til dess pili kløyver hans lever - liksom fuglen skundar seg til snara og veit ikkje at det gjeld livet.
24So høyr no på meg, born, og lyd på det munnen min talar!
25Lat ikkje hjarta venda seg til hennar vegar, vill deg ikkje inn på hennar stigar!
26For mange som hev fenge ulivssår, hev ho felt, og stort er talet på dei ho hev drepe;
27frå hennar hus gjeng vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kovar.