1Høyr etter, born, når ein far tuktar, og gjev gaum, so de kann læra klokskap!
2For ein god lærdom gjev eg dykk; mine bod må de ikkje ganga frå.
3For då eg var son heime hjå far min, då eg var liten og einaste guten åt mor mi,
4då lærde han meg og sa til meg: Lat hjarta ditt halda fast på mine ord, tak vare på mine bod, so skal du leva.
5Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, gløym ikkje og vik ikkje frå ordi eg segjer!
6Gakk ikkje frå visdomen, so skal han vakta deg; elska han, so skal han vara deg.
7Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom, ja, kjøp deg vit for all di eiga!
8Set han høgt, so skal han upphøgja deg; han fører deg til æra, når du tek han i fang.
9Han set på ditt hovud ein fager krans, han gjev deg ei prydeleg kruna.
10Høyr, son min, og tak imot mine ord, so vert dine leveår mange.
11Eg viser deg visdoms veg, eg leider deg på rettvise-stigar
12Når du gjeng, skal du stiga fritt, og når du spring, skal du ikkje snåva.
13Haldt fast på min age, slepp han ikkje! Tak vare på han, for han er ditt liv.
14På gudlause-stig må du ikkje koma, ikkje fylgja den vegen dei vonde gjeng.
15Haldt deg burte frå han, fylg han ikkje, vik frå han og gakk utanum!
16For dei fær ikkje sova minder dei hev gjort eitkvart vondt, og dei misser svevnen, hev dei ikkje fenge einkvar til å falla.
17For dei et gudløyse-brød og drikk valdsverks vin.
18Men den stigen dei rettferdige gjeng, er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
19Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret; dei veit ikkje kva dei snåvar i.
20Son min! Akta på ordi mine, lut øyra ned til det eg segjer!
21Slepp dei ikkje utor augo, vara dei djupt i hjarta!
22For dei er liv for kvar som finn dei, og lækjedom for heile hans lekam.
23Tak vare på hjarta framfor alt som du vaktar; for livet gjeng ut frå det.
24Haldt deg ifrå svikfulle ord, og burt med falske lippor!
25Lat augo dine sjå beint fram og augnekasti skoda ende fram for deg!
26Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde!
27Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!