Proverbs 2NO1938N

1Son min! Tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,

2so du vender øyra til visdomen og bøygjer hjarta til klokskapen,

3ja, kallar du på skynet og ropar høgt på vitet,

4leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,

5då skal du skyna otte for Herren, og kunnskap um Gud skal du finna.

6For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.

7Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som lever ulastande;

8for han vaktar stigane åt retten og varar vegen vel for sine trugne.

9Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja kvar god veg.

10For visdom skal koma i ditt hjarta, og kunnskap skal gleda di sjel;

11ettertanke skal halda vakt yver deg, vit skal vara deg

12og fria deg frå vonde vegar, frå folk som fer med rang tale,

13dei som gjeng frå dei rette stigar og vil ferdast på myrke vegar,

14som gleder seg når dei fær gjera vondt, og fegnast yver rang og vond åtferd,

15som gjeng på krokute stigar og fylgjer range vegar.

16Visdomen skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna, som talar sleipe ord,

17som hev svike sin ungdoms ven og hev gløymt si Guds-pakt;

18for hennar hus sig ned i dauden, og ned til daudingane ber hennar vegar;

19dei som gjeng inn til henne, kjem aldri attende, og dei når aldri livsens stigar.

20Visdomen skal hjelpa deg til å ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der dei rettferdige ferdast;

21for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastande skal verta att der,

22men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.