Philippians 3NO1938N

1Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.

2Gjev akt på hundane, gjev akt på dei vonde arbeidarane, gjev akt på dei sundskorne!

3For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss i Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt,

4endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir,

5eg som er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lovi ein farisear,

6i ihuga ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulastande.

7Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap.

8Ja, eg held og i sanning alt for tap, av di kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre, er so mykje meir verd; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, so eg kann vinna Kristus

9og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den som ein fær ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui,

10so eg må kjenna han og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med han i hans daude,

11um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude.

12Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen; men eg jagar etter det, um eg kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus.

13Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det.

14Men eitt gjer eg: eg gløymer det som er attanfor, og tøygjer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, til den sigersprisen som Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus.

15So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette;

16berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret!

17Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på dei som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme!

18For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå med tåror segjer er fiendar av Kristi kross,

19dei som endar med fortaping, som hev buken til sin gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting.

20For vårt rike er i himmelen, og derifrå ventar me og Herren Jesus Kristus som frelsar,

21han som skal umskapa vår nedrings-lekam, so han vert lik hans herlegdoms-lekam, etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Philippians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.