1Syni åt Obadias. So segjer Herren, Israels Gud, um Edom: Ei tidend hev me høyrt frå Herren, og bod er bore ut millom heidningfolki: Upp! Lat oss reisa oss til strid imot det!
2Sjå, liten vil eg gjera deg millom folki; ovleg vanvyrd skal du verta.
3Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergrivor, i din høge heim, du som segjer i ditt hjarta: Kven kann støypa meg ned?
4Um du enn byggjer høgt som ørnen, og reiret ditt ligg millom stjernor, skal eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.
5Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - å, kor du vert reint til inkjes! - tru dei då vilde stela meir enn det dei trong? Um det kom til deg folk som vilde hausta din vin, so leivde dei vel til ei ettersanking.
6Men å, kor dei ransakar Esau, og leitar upp hans løynde skattar!
7Radt til landskilet fylgjer dei deg alle dine sambandsbrør; dei svik deg og vinn på deg dine gode vener; dei menner som et ditt brød, legg ei snara for deg. Det finst ikkje vit i han!
8Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut alle vise or Edom og alt vit frå Esaus fjell?
9Kjempone dine vert modlause, Teman, so kvar mann vert drepen og utrudd frå Esaus fjell.
10For valdsverki dine mot Jakob, bror din, skal du sveipast i skam, og utrudd skal du verta til æveleg tid.
11Den dagen då du heldt deg undan, den dagen då framande rana hans gods, og utlendingar kom i hans portar og kasta lut um Jerusalem, då var du og som ein av dei.
12Sjå ikkje med hugnad på bror din's dag, på hans motgangsdag, og gled deg ikkje yver Juda-borni på øydingsdagen, og lat ikkje munnen so vidt upp på trengsle-dagen.
13Drag ikkje inn igjenom mitt folks port på uferdsdagen, sjå ikkje du og med lyst på deira naud på uferdsdagen, og rett ikkje handi etter deira gods på uferdsdagen!
14Og statt ikkje ved vegemotet til å rydja ut dei av mitt folk som hev kome seg undan, og gjev ikkje dei som hev rømt, i fiendevald på trengsle-dagen!
15For nær er Herrens dag yver alle folki; som du hev gjort, skal det gjerast med deg, di åtferd kjem att på ditt eige hovud.
16For som de hev drukke på mitt heilage fjell, skal alle folki drikka stødt; dei skal drikka og slurka og verta som aldri dei vore til.
17Men på Sions fjell skal finnast ein flokk av undankomne, og det skal vera ein heilag stad; og Jakobs hus skal få att si odelseiga.
18Og Jakobs hus skal verta eld, og Josefs hus ein loge, og Esaus hus skal verta halm; so kveikjer dei på og øyder det, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.
19Og sudlands-folket skal taka Esaufjellet, og låglands-folket Filistarlandet, og dei skal taka Efra'ims land og Samarialandet, og Benjamin skal taka Gilead;
20og dei burtførte av denne Israels-heren skal taka det som finst av kana'anitar alt til Sarepta, og dei burtførde frå Jerusalem som er i Sefarad, skal taka sudlandsbyane i eiga.
21Og frelsarar skal draga upp på Sionfjellet og døma Esaufjellet, og riket skal høyra Herren til.