Numbers 24
1 Då Bileam såg at det var Herrens vilje at han skulde velsigna Israel, gjekk han ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andletet mot øydemarki
2 og såg utyver, til han fekk auga på Israels-ættene, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver han,
3 og han kvad: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att,
4 so segjer han som høyrer ord i frå Gud, som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo:
5 Kor fagre tjeldi dine er, Jakob, dine bustader, Israel!
6 Som vide bekkedalar, som hagar attmed ei å, som aloëtre Herren hev planta, som sedrar attmed vatnet!
7 Det strøymer vatn or spanni hans, og ætti hans bur attmed mykje vatn. Større enn Agag skal kongen hans vera og upphøgt hans kongerike.
8 Gud førde han ut or Egyptarland; styrke hev han som ein villukse; han skal eta upp heidningfolki som er hans fiendar, og knasa beini deira og skyta dei sund med pilene sine.
9 Han legg seg ned, han kviler som ei løva, ei løvemor; kven vågar å vekkja han? Velsigna vere den som velsignar deg, og forbanna den som bannar deg!
10 Då vart Bileam brennande harm på Bileam; han slo i hop hendene og sa til han: Eg kalla deg hit so du skulde banna uvenene mine, og no hev du velsigna dei tri gonger!
11 Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å visa deg æra, men du ser Herren hev meinka deg den.
12 Bileam svara: Sa eg det ikkje straks til dei mennene du sende til meg:
13 Um Balak gav meg huset sitt fullt av sylv og gull, so kunde eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.
14 No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.
15 So tok han til å kveda og sa: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att,
16 so segjer han som høyrer ifrå Gud, og som får vita det den høgste veit, han som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo:
17 Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær; ei stjerna stig upp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel; han knasar Moabs tunnvangar og øyder ufredsætti ut.
18 Edom vert eigedomen hans, og Se'ir, fiendelandet, slær han under seg; stort velde vinn Israel.
19 Frå Jakob kjem den som skal råda; han rydjer ut or byane dei som hev berga seg dit.
20 So såg han amalekitane. Då tok han til å kveda og sa: Fyrst millom heidningfolki er Amalek; men ein gong gjekk han til grunns.
21 Og han såg kenitane og kvad: Din bustad er so fast ei borg, på nuten hev du bygt ditt reir;
22 men endå vert Ka'in øydelagt når Assur fører deg av stad.
23 So tok han til å kveda att og sa: Ai, ei, kven fær vel leva då, når Gud let dette ganga fram?
24 Skip kjem frå Kittimleidi; dei døyver Assur, og dei døyver Eber; men han og gjeng til grunns.
25 So gjorde Bileam seg reidug og for heim att, og Balak tok og på si leid.