Numbers 17NO1938N

1Då tala Herren til Moses og sa:

2Tala til Israels-borni, og få tolv stavar av dei, ein for kvar ætt; av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans.

3Og Arons namn skal du skriva på staven åt Levi; for det skal vera ein stav for kvar ættehovding.

4So skal du leggja stavane i møtetjeldet, framfyre vitnemålet, der som eg er van å møtast med dykk.

5Då skal han grønkast, staven åt den eg vel ut; so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plagar dykk med.

6So tala Moses til Israels-borni, og hovdingane gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom dei var staven hans Aron.

7Og Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i vitnemålstjeldet.

8Då han so andre dagen kom inn i vitnemålstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast og skote knuppar og sett blom og fenge mandlar.

9Då tok han alle stavane og bar dei ut or heilagdomen og synte dei åt alle Israels-borni, og då dei hadde set dei, tok kvar sin stav.

10Og Herren sa til Moses: Ber Arons stav inn att og legg han fram med vitnemålet! Der skal han gøymast til eit teikn for dei ulydige; og du skal gjera ende på mukkingi deira, so eg slepp å høyra på henne; elles lyt dei døy.

11Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt han fyre, so gjorde han.

12Men Israels-borni sa til Moses: Sjå, no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!

13Kjem nokon innåt - innåt Herrens tabernakel - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Numbers 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.