1Då samla heile folket seg som ein mann på torget framfor Vassporten, og dei bad Esras, den skriftlærde, henta boki med Mose-lovi, den lovi som Herren hadde gjeve Israel.
2Og Esras, presten, bar lovi fram for lyden, både for menner og kvinnor og alle som kunde skyna det dei høyrde; det var fyrste dagen i sjuande månaden.
3Han las upp or henne midt for torget framfor Vassporten frå tidleg morgons til midt på dagen - han las for mennene og kvinnone og alle som kunde skyna det; og heile folket lydde vel etter det som stod i lovboki.
4Esras, den skriftlærde, stod på ein høg tram av tre, som dei hadde laga til det, og innmed han stod Mattitja og Sema og Anaja og Uria og Hilkia og Ma'aseja på høgre sida, og på vinstre sida Pedaja og Misael og Malkia og Hasum og Hasbaddana og Sakarja og Mesullam.
5Og Esras slo upp boki so heile folket såg det; for han stod høgare enn dei; og med same han slo henne upp, reiste heile lyden seg.
6Esras lova Herren, den store Gud, og heile folket svara med upplyfte hender: Amen, amen, og dei la seg på kne og kasta seg å gruve for Herren.
7Og Josva og Bani og Serebja, Jamin, Akkub, Sabbetai, Hodia, Ma'aseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan, Pelaja og dei hine levitane la ut lovi for folket, medan folket vart standande der dei stod.
8Dei las upp or boki - or Guds lov - og tolka og tydde det som vart upplese, so folket skyna det.
9Og Nehemias, landshovdingen, og Esras, den skriftlærde presten, og levitane som lærde folket, tala til heile folket og sa: Denne dagen er helga til Herren dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje! For heile folket gret då dei høyrde dei ordi som stod i lovi.
10So sa han til dei: Gakk no heim og et feite retter og drikk søt vin og skikka sendingar til dei som det ikkje er noko tillaga for! For denne dagen er helga til vår Herre. So ver no ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.
11Levitane la seg og ut um å hugga folket og sa: Ver stille, for dagen er heilag; ver ikkje sorgfulle!
12So gjekk alt folket burt, og dei åt og drakk og skikka sendingar ikring og heldt ei stor gledehøgtid; for dei hadde ansa på det som var sagt dei.
13Dagen etter kom ættehovdingane i heile folket og prestane og levitane saman hjå Esras, den skriftlærde, og vilde få meir greida på dei ordi som stod i lovi.
14Då fann dei det skrive i lovi - den lovi som Herren hadde gjeve gjenom Moses - at Israels-borni skulde bu i lauvhyttor på høgtidi i sjuande månaden,
15og at dei skulde kunngjera og ropa ut i alle byane sine og i Jerusalem sovorne ord: Gakk ut i heidi og henta lauv av planta oljetre og ville oljetre og av myrt og palmor og andre lauvrike tre og gjer hyttor av det, soleis som fyreskrive er!
16Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei gjorde seg hyttor, kvar på sitt tak og i sine tun og like eins i fyregardane til Guds hus og på torget ved Vassporten og torget ved Efra'imsporten.
17Og heile lyden - alle som var komne heim att or utlægdi - gjorde lauvhyttor og budde i dei; for frå Josva Nunssons tid og til den dagen hadde Israels-borni aldri gjort det. Og der var ovstor gleda.
18Dag etter dag las dei upp or Guds lovbok, frå fyrste dagen til siste dagen. I sju dagar heldt dei helg og åttande dagen ei stor samlingshøgtid, som fyreskrive var.