Nehemiah 10NO1938N

1Dei som skreiv under på dette skrivet med innsigli på, var: Nehemias Hakaljason, landshovdingen, og Sedekias,

2Seraja, Asarja, Jirmeja,

3Pashur, Amarja, Malkia,

4Hattus, Sebanja, Malluk,

5Harim, Meremot, Obadja,

6Daniel, Ginneton, Baruk,

7Mesullam, Abia, Mijamin,

8Ma'asja, Bilgai og Semaja; dette var prestane.

9Levitane var: Josva Asanjason, Binnui av Henadads-ætti og Kadmiel,

10og brørne deira: Sebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan,

11Mika, Rehob, Hasabja,

12Sakkur, Serebja, Sebanja,

13Hodia, Bani og Beninu.

14Hovdingane åt folket var: Paros, Pahat-Moab, Elam, Sattu, Bani,

15Bunni, Asgad, Bebai,

16Adonja, Bigvai, Adin,

17Ater, Hiskia, Assur,

18Hodia, Hasum, Besai,

19Harif, Anatot, Nobai,

20Magpias, Mesullam, Hesir,

21Mesesabel, Sadok, Jaddua,

22Pelatja, Hanan, Anaja,

23Hosea, Hananja, Hasub,

24Hallohes, Pilha, Sobek,

25Rehum, Hasabna, Ma'aseja,

26Akia, Hanan, Anan,

27Malluk, Harim og Ba'ana.

28Hitt folket - prestane, levitane, dørvaktarane, songarane, tempelsveinane og alle dei som hadde skilt seg frå dei framande folki og vilde leva etter Guds lov, og like eins konone og sønene og døtterne deira, alle som visste og skyna noko -

29dei heldt seg alle til stormennene millom brørne sine og gjorde ein dyr eid på at dei vilde fylgja Guds lov, som var gjevi gjenom Moses, Guds tenar, og at dei vilde akta vel på alle bodi frå Herren, vår Herre, og alle lovene og fyresegnene hans og leva etter dei,

30at me ikkje skulde gjeva døtterne våre til dei framande folki og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønene våre,

31at når dei framande folki kom med varone sine og allslags korn og vilde selja det på sabbaten, so skulde me ikkje kjøpa det av dei, korkje på sabbaten eller nokon annan helgedag, og at me kvart sjuande år skulde lata jordi kvila og gjeva etter alle krav.

32Like eins tok me på oss den skyldnaden at me år um anna skulde gjeva tridjeparten av ein sekel i reida til tenesta i vår Guds hus -

33til skodebrødi og det daglege matofferet og det daglege brennofferet, til offeri på sabbatane, nymåne-dagane og høgtidene og til takkofferi og til syndofferi som vart framborne til soning for Israel, og til alt arbeidet i vår Guds hus.

34Og me - prestane, levitane og lyden - kasta lut um vedhaldet, korleis me etter ættgreinene våre år for år til fastsette tider skulde føra ved til vår Guds hus til brennefang på altaret åt Herren vår Gud, som fyreskrive er i lovi.

35Me tok og på oss år for år å koma til Herrens hus med fyrstegrøda av jordi vår og dei fyrste mogne fruktene av alle tre,

36like eins alt som frumbore er millom sønene våre og kløvdyri våre, som fyreskrive er i lovi, og å føra det som er frumbore av storfeet og småfeet vårt til vår Guds hus, til prestane som gjer tenesta i vår Guds hus.

37Og det fyrste av gropet vårt og dei heilage reidone våre og trefrukt av alle slag, druvesaft og olje skulde me koma til prestane med, til kovane i vår Guds hus. Tiendi av jordi vår skulde me koma til levitane med, og levitane skulde sjølve krevja inn tiendi i alle jordbruksbyane våre.

38Ein prest, ein av Arons-sønene, skulde vera med levitane når dei kravde inn tiendi, og sjølve skulde levitane føra tiendi av si tiend upp til vår Guds hus, til kovane i forrådshuset.

39For både Israels-borni og Levi-borni skulde koma med den heilage reida av kornet og druvesafti og oljen til desse kovane, der kjeraldi åt heilagdomen er, og der dei prestane som gjer tenesta, held til og like eins dørvaktarane og songarane. - Me skulde ikkje vanskøyta vår Guds hus.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.