Nahum 1NO1938N

1Dette er ei framsegn um Ninive, ei bok um syni hans Nahum, elkositen.

2Herren er ein streng Gud og ein hemnar, ja, ein hemnar er Herren, og full av harm; Herren hemner seg på motmennene sine og gøymer på vreiden mot uvenene sine.

3Herren er langmodig, men han er stor i kraft, og ustraffa let han aldri den skuldige vera. I uver og storm hev Herren sin veg, og skyene er dumba um føtene hans.

4Han trugar havet og turkar det ut, alle elvane let han torna. Då visnar Basan og Karmel, og groren på Libanon visnar burt.

5Bergi bivrar for han, og haugane brånar. Jordi lyftar seg for hans åsyn, jordriket med alle som der bur.

6Kven kann standa for hans vreide, og kven kann halda ut hans brennande harm? Vreiden hans gøyser fram som eld, og bergi brest i sund for han.

7Herren er god, ei vern på trengsle-dagen. Han kjenner dei som trøystar seg til han.

8Men ved ei sturtflod gjer han ende på staden der den byen stend, og uvenene hans skal myrkret elta.

9Kva er det de tenkjer ut mot Herren? Han skal gjera ende på dykk. Ikkje tvo gonger tarv trengsla koma.

10For um dei og er ihopfløkte som klungerbuska og so fulle som deira fullskap kann gjera dei, so skal dei like fullt verta uppbrende som turr halm.

11Frå deg gjekk det ut ein mann som tenkte ut vondt mot Herren, som la upp ugudlege råder.

12So segjer Herren: Kor sterke og mange dei og mun vera, so skal dei like vel verta avskorne og kverva burt. Og um eg fyrr hev plaga deg, so skal eg ikkje gjera det no meir.

13For no vil eg brjota det åket han la på deg, og slita bandi dine.

14Men um deg byd Herren so: Aldri meir skal det verta fødd nokon som ber namnet ditt. Or huset åt guden din vil eg rydja ut både utskorne og støypte bilete. Ei grav vil eg bu til åt deg; for du er funnen for lett.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Nahum 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.