Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Micah 5

:
Norwegian - NO1938N
1 Men du, Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom Judas tusund! Frå deg skal eg meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.
2 Difor gjev han dei yver i ulukka alt til den tid ho som skal føda, hev født; skal dei som er att av brørne hans, koma heim att saman med Israels-borni.
3 Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds høge namn; og dei skal sitja trygt, for no skal han vera stor alt til endane av jordi.
4 Og han skal vera fred. Når Assur kjem inn i landet vårt, og når han stig inn i slotti våre, so reiser me imot han sju hyrdingar, ja åtte menneske-hovdingar,
5 og dei skal herja Assurs land med sverd og Nimrods land alt inn i portane; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.
6 skal Jakobs leivning vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, som ei regnskur gras, som ikkje biar nokon og ikkje ventar mannsborni.
7 Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningfolki, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar; ho trakkar ned og riv sund kvar ho fer fram, og det er ingen som bergar.
8 Høg vere di hand yver uvenene dine! alle fiendane dine verta utrudde!
9 Og det skal ganga so den dagen, segjer Herren, at eg vil rydja ut alle hestane du hev, og øyda vognene dine;
10 eg vil rydja ut byane i landet ditt og riva ned alle borgene dine;
11 eg vil rydja ut all trolldom hjå deg, og folk som spår av skyene, skal ikkje lenger finnast hjå deg;
12 eg vil rydja ut or landet ditt dei utskorne bileti dine og biletsteinane dine, so du ikkje meir skal tilbeda det som hendene dine hev laga;
13 eg vil riva upp Astarte-bileti i landet ditt, og byane dine vil eg øyda.
14 I vreide og harm vil eg taka hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.