Matthew 26NO1938N

1Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sa han til læresveinane:

2De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskesonen gjevast i hendene på uvenene sine og verta krossfest.

3Då var det øvsteprestane og styresmennene for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kaifas -

4og la yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå han i hel.

5Men ikkje med helgi! sa dei; elles kunde det verta upplaup millom folket.

6Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon,

7kom det ei kvinna burt til han med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.

8Då læresveinane såg det, vart dei harme og sa: Kva skal slik øyding vera til?

9Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.

10Jesus gådde det og sa til dei: Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.

11Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.

12Då ho slo denne salven ut yver lekamen min, gjorde ho det for å bu meg til jordferdi mi.

13Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.

14Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til øvsteprestane

15og sa: Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær han i dykkar makt? Då talde dei upp tretti sylvpeningar til han.

16Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i hendene deira.

17Den fyrste dagen i usyrdebrødhelgi kom læresveinane til Jesus og sa: Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?

18Han svara: Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg til han: Meisteren helsar: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinane mine.

19Og læresveinane gjorde som Jesus sa, og laga til påskemålet.

20Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.

21Og medan dei sat og åt, sa han: Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.

22Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja han kvar for seg: Det er då vel ikkje eg, Herre?

23Jesus svara: Den som rett no duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg.

24Menneskesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um han, men ve yver den mannen som svik Menneskesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.

25Då tok Judas, svikaren, til ords og sa: Det er då vel ikkje eg, rabbi? - No sa du det sjølv, svara han.

26Medan dei sat til bords, tok Jesus brødet, signa det og braut det, og gav læresveinane og sa: Tak, og et! Dette er lekamen min.

27Og han tok kalken og takka, og gav dei og sa: Drikk av det alle!

28Dette er blodet mitt, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.

29Eg segjer dykk at heretter kjem eg ikkje til å drikka av druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt Far min.

30Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31Då segjer Jesus til dei: I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.

32Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilea.

33Då tok Peter til ords og sa: Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.

34Det segjer eg deg, for sant, svara Jesus: Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.

35Men Peter sa: Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg. Like eins sa alle læresveinane.

36So kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane. Då sa han til dei: Sit her medan eg gjeng der burt og bed!

37Og han tok med seg Peter og båe Sebedeus-sønene, og tok til å syrgja og kvidast.

38So segjer han til dei: Mi sjel er sorgtyngd reint til dauden; ver her og vak med meg!

39So gjekk han eit lite stykke fram og la seg ned på kne og bad: Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!

40Då han kom attende til læresveinane, såg han at dei sov. Då sa han til Peter: So var de ikkje god til å vaka ein time med meg!

41Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.

42So gjekk han burt att andre gongen og bad: Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!

43Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.

44Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.

45So kom han att og sa til læresveinane: De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskesonen skal gjevast yver i syndarhender.

46Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.

47Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå øvsteprestane og styresmennene.

48Svikaren hadde avtala eit teikn med dei og sagt: Den som eg kysser, han er det; han skal de taka!

49Og med det same gjekk han fram til Jesus og sa: Heil og sæl, rabbi! og kysste han.

50Jesus sa til han: Kvi er du her, venen min? So gjekk dei innåt og la hand på Jesus og greip han.

51Då var det ein av dei som var med han, som tok og drog sverdet sitt og hogg til tenaren åt øvstepresten, so han sneidde av øyra hans.

52Då sa Jesus til han: Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet.

53Eller trur du ikkje eg kunde beda Far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv legionar med englar?

54Men korleis skulde då skriftene sannast, dei som segjer at dette lyt henda?

55I same stundi sa Jesus til flokken: De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje.

56Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetane hev skrive. Då tok alle læresveinane ut og rømde ifrå han.

57Dei som hadde gripe Jesus, førde han til Kaifas, øvstepresten; der hadde dei skriftlærde og styresmennene samla seg.

58Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane for å sjå korleis dette vilde enda.

59Øvsteprestane og heile rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt han frå livet;

60men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Endeleg kom det tvo som sa:

61Denne mannen hev sagt: Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.

62Og øvstepresten reiste seg og sa til han: Svarar du ikkje på det som desse vitnar imot deg?

63Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sa: Ved den levande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?

64Og Jesus svara: Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handi åt Allmakti og koma i himmelskyene.

65Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sa: Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi.

66Kva tykkjer de? Dei svara: Han er skuldig til å døy.

67So sputta dei han i andletet og slo han, sume med nevane og sume med stavar,

68og sa: Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg!

69Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til han og sa: Du var og med Jesus, galilearen.

70Men han neitta so alle høyrde det, og sa: Eg skynar ikkje kva du meiner.

71So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå han, og sa til dei som var der: Han var og med Jesus, nasarearen.

72Då neitta han atter og sa med ein eid: Eg kjenner ikkje den mannen.

73Eit lite bel etter kom dei som stod der, innåt og sa til Peter: Ja menn er du og ein av dei! Det kann ein høyra på målet ditt.

74Då sette han i og banna og svor: Eg kjenner ikkje den mannen! Og med det same gol hanen.

75Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til han: Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger. Og han gjekk ut og gret sårt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Matthew 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.