Matthew 23NO1938N

1Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:

2På Moses' stol sit dei skriftlærde og farisearane.

3Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningane deira skal de ikkje fara. For dei segjer det, men dei gjer det ikkje.

4Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdane åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda dei med ein finger.

5Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskane på kjolen sin store.

6Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessane i synagogone,

7og vil at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.

8Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør.

9Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein Far, han i himmelen.

10Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus.

11Den største av dykk skal vera den som tener dei andre.

12For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor.

13Men ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og dei som gjerne vilde, let de ikkje koma inn.

14Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få so mykje strengare dom.

15Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de fer land og strand for å få ein læresvein, og fær de ein, so gjer de han til eit helvetesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve.

16Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: Um ein sver ved templet, so er det 'kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.

17Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla?

18Og: Um ein sver ved altaret, so er det 'kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.

19Blindingar! Kva er størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret?

20For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som på det er;

21og den som sver ved templet, sver både ved det og ved han som der bur;

22og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved han som der sit.

23Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi: rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.

24Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen!

25Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og hækna.

26Blinde farisearar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert dei reine utanpå og.

27Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei vene å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett.

29Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetane og pryder gravene åt dei rettferdige og segjer:

30Hadde me vore til då federne våre levde, so hadde me ikkje vore med dei og drepe profetane.

31So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel.

32Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt!

33De eiterormar, de slangeungar, korleis kann de sleppa undan helvetesdomen?

34Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogone dykkar og jaga frå by til by,

35so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå blodet åt den skuldlause Abel og til blodet åt Sakarias, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret.

36Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman.

37Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetane, og steinar dei som er sende til deg, kor tidt hev eg ikkje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungane sine under vengene! Men de vilde ikkje.

38Sjå no skal de få hava huset dykkar audt.

39For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Matthew 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.