Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Mark 5

:
Norwegian - NO1938N
1 So kom dei yver hi sida av sjøen, til Gerasenarbygdi,
2 og med det same han steig utor båten, kom ein mann med ei urein ånd imot han frå gravene.
3 Mannen hadde tilhald der i gravholone, og ingen kunde lenger bunde han, ikkje ein gong med lekkjor;
4 for han hadde ofte vore bunden med fotjarn og lekkjor, men sprengt lekkjone og brote sund fotjarni, og ingen var god til å døyva han.
5 Allstødt, både natt og dag, var han i gravene og fjelli og hua og slo seg sjølv med steinar.
6 han no såg Jesus langt burtantil, kom han springande og kasta seg ned for føtene hans,
7 og ropa høgt: Kva vil du meg, Jesus, Son åt den høgste Gud? For Guds skuld: pin meg ikkje!
8 For Jesus sa til han: Far ut or mannen, du ureine ånd!
9 Kva er namnet ditt? spurde Jesus. Legion er namnet mitt, svara han; for me er mange.
10 Og han naudbad Jesus at han ikkje vilde driva dei ut or bygdi.
11 No var det ein stor svineflokk som gjekk beite der innmed fjellet;
12 so bad dei han: Send oss burt i svineflokken, og lat oss fara inn i dei!
13 Det gav han dei lov til. So for dei ureine åndene ut og for i svini. Og heile flokken, um lag tvo tusund i talet, rusa utyver stupet ned i sjøen og drukna.
14 Dei som gjætte svini, rømde, og sa frå um det i byen og gardane, og folk tok ut og vilde sjå kva det var som hadde hendt.
15 dei so kom til Jesus, såg dei at den forgjorde sat der klædd og var med sitt fulle vit, han som hadde havt legionen i seg. Og dei vart ottefulle.
16 Og dei som hadde set det, fortalde korleis det hadde gjenge med den forgjorde, og um svini,
17 tok dei til å beda Jesus at han vilde fara burt frå grensone deira.
18 Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde um han måtte vera med han.
19 Men Jesus gav han ikkje lov til det, og sa: Gakk heim til folket ditt og seg til dei kor mykje Herren hev gjort for deg, og kor god han hev vore med deg!
20 So gjekk mannen og tok til å gjera kunnigt kring i Dekapolis kor mykje Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.
21 Jesus hadde fare yver til hi sida att i båten, og endå var nedmed sjøen, samla det seg ein stor folkehop kringum han.
22 kom ein av synagogeforstandarane, som heitte Jairus, og han såg Jesus, kasta han seg ned for føtene hans
23 og bad han mykje og sa: Vesle dotter mi ligg sitt siste - um du vilde koma og leggja hendene henne, so mykje ho kann bergast og leva!
24 Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop fylgde etter og trengde seg um han.
25 Millom dei var ei kvinne som hadde havt blodflod i tolv år.
26 Ho hadde søkt mange lækjarar og prøvd mange råder og kosta ut alt ho åtte; men det hadde ikkje muna; ho var heller vorti verre.
27 Ho hadde høyrt ordet um Jesus, og no kom ho midt i folkehopen og tok attantil i kjolen hans.
28 Kann eg taka um so berre i klædi hans, vert eg god att, tenkte ho.
29 Og straks stana blodflodi, og ho kjende det i lekamen sin at ho var lækt for sjukdomen.
30 Jesus kjende straks seg at det for ei kraft ut ifrå han; han snudde seg um i hopen og spurde: Kven var det som tok i klædi mine?
31 Du ser folket trengjer deg alle sidor, svara læresveinane, og so spør du kven det var som tok i deg!
32 såg han seg ikring etter den som hadde gjort det.
33 Og kvinna, som var so redd at ho skalv, av di ho visste kva som hadde hendt henne, ho kom og kasta seg ned for føtene hans og sa han alt som det var.
34 sa han til henne: Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim og lev sæl, og ver fri sjukdomen din!
35 Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: Dotter di hev slokna. Kvi vil du umaka meisteren lenger?
36 Jesus høyrde kva dei tala um, og sa til synagogeforstandaren: Ottast ikkje! Berre tru!
37 Han let ingen fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob.
38 Og dei kom heim til synagogeforstandaren, og han såg for eit ståk det var, og høyrde folk gret og våla fælt,
39 gjekk han inn og sa: Kva er det de ståkar og græt for? Barnet hev ikkje slokna; ho søv.
40 lo dei åt han. Men han dreiv dei ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinane sine, og gjekk inn der barnet låg.
41 Og han tok barnet i handi og sa til henne: Talita kumi! det er: Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!
42 Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. vart dei straks reint som dei var frå seg.
43 Men han forbaud dei strengt å lata nokon vita det, og sa dei skulde gjeva henne mat.