Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Mark 3

:
Norwegian - NO1938N
1 Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var det ein mann der som hadde ei nomi hand,
2 og dei gjætte han, um han vilde lækja mannen sabbaten, so dei kunde noko å klaga han for.
3 sa han til mannen med den nomne handi: Reis deg upp og kom fram!
4 Og til dei andre sa han: Er det rett å gjera godt sabbaten eller å gjera vondt - berga liv eller drepa? Dei tagde.
5 såg han rundt ikring dei, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sa han til mannen: Rett fram handi! rette han henne fram, og handi hans vart like god att.
6 Men farisearane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennene korleis dei skulde rudt han or vegen.
7 So for Jesus med læresveinane sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea og frå Judaland fylgde med,
8 og frå Jerusalem og Idumea og bygdene hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til han i flokketal, dei høyrde um alt det han gjorde.
9 sa han til læresveinane at det skulde liggja ein båt ferdig til han for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja han;
10 for han lækte mange, so alle som hadde eikor plaga, trengde seg innpå han og vilde taka i han.
11 Og kvar gong dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for føtene hans og ropa: Du er Guds Son!
12 Men han forbaud dei både tidt og strengt å gjera han kjend.
13 So gjekk han upp i fjellet og kalla til seg dei han sjølv vilde, og dei kom til han.
14 Og han valde ut tolv, som skulde vera med han, og som han vilde senda ut til å tala for folket,
15 og vilde gjeva makt til å driva ut vonde ånder.
16 Det var Simon - han kalla han Peter -
17 og Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans Jakob - dei kalla han Boanerges, det er toresveinane -
18 og Andreas og Filip og Bartolomeus og Matteus og Tomas og Jakob, son åt Alfeus, og Taddeus og Simon Kananeus
19 og Judas Iskariot, han som sidan sveik han.
20 Med det same dei kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong seg mat.
21 hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde tak i han; for dei sa: Han vera frå vitet!
22 Men dei skriftlærde, som var komne ovantil Jerusalem, sa: Be'elsebul hev fare i han! og: Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper han til å driva ut djevlar.
23 kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: Korleis kann Satan driva ut Satan?
24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa,
25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so kann det huset ikkje standa.
26 Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, kann ikkje han standa seg; er det ute med han.
27 Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana det som i huset er, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; kann han plundra huset.
28 Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;
29 men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd -
30 det var for di dei sa: Han hev ei urein ånd i seg.
31 So kom mor hans og brørne hans; dei vart ståande utanfor, og sende bod til han um han vilde koma ut.
32 Det sat ein stor flokk kringum han, og dei sa til han: Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg!
33 Kven er mor mi og brørne mine? svara han.
34 So såg han rundt dei som sat i ein ring kringum han, og sa: Sjå det er mor mi og brørne mine!
35 Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.