Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Mark 15

:
Norwegian - NO1938N
1 Det tok alt til å dagast øvsteprestane med styresmennene og dei skriftlærde - heile Rådet - var ferdige med rådleggjingi si. batt dei Jesus og førde han burt og gav han yver til Pilatus.
2 Pilatus spurde han: Er du kongen yver jødane? - Du segjer det sjølv, svara Jesus.
3 Øvsteprestane kom med mange klagemål mot han.
4 spurde Pilatus han att: Svarar du ingen ting? Høyr alt det dei klagar deg for!
5 Men Jesus svara ikkje eit ord meir, so Pilatus tok til å undrast.
6 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den som dei sjølve bad um.
7 Og ein som heitte Barabbas sat fengsla i hop med nokre ufredsmenn; Dei hadde gjort eit upplaup og drepe nokon.
8 So kom folket upp og tok til å beda um det som Pilatus var van med å gjera for dei.
9 svara han dei: Vil de eg skal gjeva dykk jødekongen fri?
10 For han skyna det var av ovund øvsteprestane hadde gjeve Jesus yver til han.
11 Men øvsteprestane fekk eggja upp folket, so dei bad at han heller skulde gjeva dei Barabbas fri.
12 tok Pilatus til ords att og sa: Kva vil de eg skal gjera med han som de kallar kongen yver jødane?
13 Dei svara med å ropa: Krossfest han!
14 Kva vondt hev han gjort? sa Pilatus. Men dei ropa berre endå sterkare: Krossfest han!
15 Pilatus vilde gjerne gjera folket til lags. Han gav dei Barabbas fri, men Jesus let han hudflettast og gav han yver til hermennene sine, so dei skulde krossfesta han.
16 Hermennene førde Jesus inn i garden, i borgi, og kalla i hop heile vakti.
17 Dei klædde han i ei purpurkåpa, og sette han ein klungerkrans som dei hadde fletta,
18 og tok til å helsa han: Heil deg, jødekonge!
19 So slo dei han i hovudet med ein røyrstav og sputta han og la seg kne og hyllte han.
20 dei hadde spotta han som dei vilde, klædde dei av han purpurkåpa og hadde han hans eigne klæde, og so leidde dei han ut og skulde krossfesta han.
21 gjekk det ein mann framum, som kom frå marki; det var Simon frå Kyrene, far åt Aleksander og Rufus; honom nøydde dei til å bera krossen hans.
22 Dei førde han til den staden som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -.
23 Der baud dei han vin med myrra i; men han vilde ikkje hava det.
24 So feste dei han til krossen. Klædi hans skifte dei millom seg, og kasta lut um kva kvar skulde hava.
25 Det var i den tridje timen dei krossfeste han.
26 krossen var det sett ei innskrift som nemnde skuldi hans; ho lydde so: Kongen yver jødane.
27 Saman med han krossfeste dei tvo røvarar, ein hans høgre og ein hans vinstre sida;
28 og sannast det skriftordet som segjer: Og han vart rekna millom brotsmenn.
29 Dei som gjekk framum, hædde han og riste hovudet og sa: Å, du som riv ned templet og byggjer det upp att tri dagar!
30 Hjelp deg no sjølv og stig ned av krossen!
31 Sameleis spotta øvsteprestane og, både dei og dei skriftlærde, og sa seg imillom: Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa!
32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, so me kann sjå det og tru! Dei som var krossfeste med han, gav seg og til å spotta han.
33 den sette timen var komen, vart det myrkt yver heile landet alt til den niande timen.
34 Og i den niande timen ropa Jesus med høg røyst: Elo'i, Elo'i, lama sabaktani? Det er: Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?
35 Nokre av dei som stod der, sa dei høyrde det: No ropar han Elias!
36 sprang det ein fram, duppa ein svamp i vineddik, sette han ei tein og let Jesus drikka og sa: Venta! Lat oss sjå um Elias kjem og tek han ned!
37 Og Jesus gav ifrå seg eit høgt rop og andast.
38 rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned.
39 Og hovudsmannen, som stod der midt framfor han, såg at han andast med eit sovore rop, sa han: Den mannen var visst og sant Guds Son!
40 Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom dei var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome,
41 som alle hadde fylgt han medan han var i Galilea, og tent han, og mange andre kvinnor som hadde vore med han upp til Jerusalem.
42 Det var fyrebuingsdagen eller dagen fyre sabbaten, og det leid alt mot kvelden,
43 kom Josef frå Arimatea, ein gjæv rådsherre, som og venta Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um lekamen åt Jesus.
44 Pilatus undrast um han alt var slokna;
45 han kalla hovudsmannen til seg og spurde um Jesus nyst var slokna, og han hadde fenge vissa um det av hovudsmannen, let han Josef liket.
46 So kjøpte Josef fint linty og tok han ned, sveipte han i lintyet og la han i ei grav som var hoggi ut i berget, og so velte han ein stein attfor gravopningi.
47 Og Maria Magdalena og Maria, mor åt Joses, såg staden der han vart lagd.