1Sjå, eg sender mitt bod, og han skal brøyta veg for meg; og brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter, paktengelen som de stundar på; sjå, han kjem, segjer Herren, allhers Gud.
2Men kven kann herda den dagen han kjem, og kven kann standa når han syner seg? For han er som smeltar-eld og tvættar-lut.
3Han skal sitja og smelta og reinsa sylvet, og han skal reinsa Levi-borni og skira dei som gull og sylv, so dei kann bera fram for Herren offergåvor i rettferd.
4Då vert offergåvone i Juda og Jerusalem til hugnad for Herren, som i gamle dagar og i framfarne år.
5Eg skal koma til dykk og halda dom og vera eit snøgt vitne mot dei som fer med trolldom, som er utru mot maken sin, som gjer rang eid, som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den farlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren, allhers Gud.
6For eg, Herren, er ikkje umskift, og de, Jakobs-born, er ikkje tynte.
7Alt ifrå fedre-dagane hev de vike av frå lovene mine og ikkje halde dei. Vend um til meg, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers Gud. Og de spør: Kva skal me venda um ifrå?
8Skal eit menneske rana frå Gud, sidan de ranar frå meg? Og de spør: Kva hev me rana frå deg? Jau, tiendi og reidone.
9Forbanningi hev råma dykk, og frå meg ranar de, ja heile folket.
10Kom med heile tiendi til forrådshuset, so det kann finnast mat i huset mitt, og prøv meg so på den måten, segjer Herren, allhers Gud, um eg ikkje let upp himmel-lukone åt dykk og renner yver dykk velsigning i rikt mål!
11Eg skal truga etaren for dykkar skuld, so han ikkje tyner grøda på jordi for dykk, og ikkje heller skal de hava vanheppa med vintreet på marki, segjer Herren, allhers Gud.
12Alle folki skal prisa dykk sæle; for då skal landet dykkar vera eit herleg land, segjer Herren, allhers Gud.
13De hev bruka sterke ord imot meg, segjer Herren. Og de spør: Kva hev me sagt oss imillom imot deg?
14Jau, de hev sagt: Det er fåfengt å tena Gud. Kva bate hev me havt av at me akta på hans krav og gjekk syrgjeklædde for Herren, allhers Gud?
15Nei, no prisar me dei ovmodige sæle; ikkje berre trivst dei vel dei som lever i gudløysa, men dei hev freista Gud og like vel sloppe vel ifrå det.
16Då tala dei med kvarandre dei som ottast Herren, og Herren lydde på og høyrde det, og det vart skrive ei minnebok for hans åsyn um dei som ottast Herren og tenkjer på hans namn.
17Og dei skal vera min eigedom, segjer Herren, allhers Gud, på den dagen som eg skaper, og eg skal spara dei, liksom ein mann sparer son sin som tener han.
18Då skal de atter sjå skil på den rettferdige og den gudlause, den som tener Gud, og den som ikkje tener han.