Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 9

:
Norwegian - NO1938N
1 Jesus kalla i hop dei tolv og gav dei makt og velde yver alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar.
2 So sende han dei ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att,
3 og han sa til dei: Tak ingen ting med dykk vegen, korkje stav eller skreppa eller brød eller pengar! Ikkje heller skal de hava kvar sine tvo trøyor!
4 Når de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifrå att fyrr de fer lenger!
5 Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt frå den bygdi og rist dusti av føtene dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot dei.
6 So tok dei ut og for ikring frå grend til grend og forkynte evangeliet og lækte folk kvar dei kom.
7 Herodes, fylkeskongen, fekk høyra um alt det som hende; visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sa: Johannes hev stade upp frå dei daude!
8 sume: Elias hev synt seg! andre: Ein av dei gamle profetane hev stade upp att!
9 Herodes sjølv sa: Johannes hev eg hogge hovudet av; kva er so dette for ein, som eg høyrer sovore um? Og han freista å sjå han.
10 apostlane kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. tok han dei med seg burt til ein by som heiter Betsaida og vilde vera åleine med dei.
11 Men folket fekk vita det og fylgde etter han, og han tok vel imot dei og tala til dei um Guds rike, og lækte dei som lækjedom trong.
12 dagen tok til å halla, gjekk dei tolv fram og sa til han: Send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grendene og gardane her ikring og koma i hus og seg noko å leva av! For her er me ein øydestad.
13 Gjev de dei mat! svara han. Me hev ikkje meir enn fem brødleivar og tvo fiskar, sa dei, minder me skal ganga av stad og kjøpa mat åt alt dette folket?
14 - det var um lag fem tusund mann. sa han til læresveinane: Lat dei setja seg ned i bordlag ikring femti mann!
15 Dei so gjorde, og let alle setja seg.
16 So tok han dei fem brødleivene og dei tvo fiskane, og såg upp imot himmelen og velsigna dei, og han braut dei i stykke og gav det til læresveinane, so dei skulde setja det fram for folket.
17 So åt dei, og alle vart mette; og det vart samla upp det som var att etter dei, var det tolv korger fulle med stykke.
18 Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinane var med han, spurde han dei: Kven segjer folk at eg er?
19 Dei svara: Johannes døyparen; men sume segjer: Elias, og sume at ein av dei gamle profetane hev stade upp att.
20 Kven segjer de at eg er? spurde han. tok Peter til ords og sa: Guds Messias!
21 Men det forbaud han dei strengt å tala til nokon um.
22 Og han sa: Menneskesonen lyt lida mykje; styresmennene og øvsteprestane og dei skriftlærde kjem til å vanda han, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han standa upp att.
23 So sa han til alle: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det.
25 Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv?
26 For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring han og Faderen og dei heilage englane.
27 Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av dei som her stend, som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.
28 Um lag åtte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda.
29 Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan dåm, og klædnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet.
30 Og best det var, stod det tvo menn og tala med han; det var Moses og Elias;
31 dei synte seg i herlegdom og tala um hans burtgang, som han skulde fullføra i Jerusalem.
32 Peter og dei som var med han, var tyngde av svevn; men dei vakna, såg dei herlegdomen som lyste frå Jesus, og såg dei tvo mennene som stod innmed han.
33 so dei skulde skiljast med han, sa Peter til Jesus: Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elias - han visste ikkje kva han sa.
34 Medan han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver dei, og dei vart redde dei kom inn i skyi.
35 kom det ei røyst utor skyi: Dette er Son min, han som eg hev kåra meg ut! Han skal de høyra på!
36 Men røysti kom, var det ingen å sjå utan Jesus. Dei tagde med dette, og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set.
37 Dagen etter, dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot han.
38 Best det var, ropa ein mann utor hopen: Meister, eg bed deg: Sjå til son min, han er einaste barnet mitt!
39 Rett som det er, grip ei ånd han, og brått set han i og huar; og åndi slit han til fraudi stend kring munnen han; det er med naudi ho vil sleppa guten, og gjer ho mest ende han;
40 eg bad læresveinane dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.
41 tok Jesus til ords og sa: Å du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Leid son din hit!
42 Fyrr guten endå var komen fram til Jesus, reiv åndi og sleit fælt i han. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att og gav han att åt faren.
43 Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.
44 Medan alle var upp i under yver alt det han gjorde, sa han til læresveinane sine: Høyr vel etter desse ordi, og legg dei minne: Menneskesonen skal gjevast yver i menneskehender!
45 Men dei skjøna ikkje det ordet; det var dult for dei, so dei ikkje fekk tak det, og dei torde ikkje spyrja han um det.
46 steig ein tanke upp i dei um kven av dei som var størst.
47 Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette det innmed seg
48 og sa til dei: Den som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, Og den som tek imot meg, tek imot han som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.
49 tok Johannes til ords og sa: Meister, me såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud han det, for di han ikkje er i fylgje med oss.
50 De skal ikkje forbjoda det, svara Jesus; for den som ikkje er imot dykk, er med dykk.
51 det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine stødt mot Jerusalem; for dit etla han seg.
52 Han sende bod fyre seg; men ærendsveinane hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus åt han,
53 vilde folket ikkje taka imot han, for di han var veg til Jerusalem.
54 Jakob og Johannes, læresveinane hans, såg det, sa dei: Herre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned frå himmelen og øyda dei, soleis som Elias gjorde?
55 snudde han seg og tala strengt til dei og sa: De veit ikkje kva ånd de er av.
56 Menneskesonen er ikkje komen for å øyda menneskeliv, men for å frelsa. So gjekk dei til ei onnor grend.
57 Medan dei for etter vegen, var det ein som sa til han: Eg vil fylgja deg kvar du so fer!
58 Jesus svara: Revane hev hi, og fuglane i lufti hev reir, men Menneskesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedpå.
59 Til ein annan sa han: Fylg meg! Han svara: Herre, lat meg fyrst ganga heim og jorda far min!
60 Lat dei daude jorda sine daude, sa Jesus, men gakk du i veg og forkynn Guds rike!
61 Det var ein annan og som sa: Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst beda farvel med dei som heime er!
62 Jesus svara: Ingen som hev lagt handi plogen, og so ser attum seg, høver for Guds rike.