Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Luke 12

:
Norwegian - NO1938N
1 Medan hadde folket samla seg kring han i tusundtal, so dei heldt å trøda kvarandre ned; tok han til ords og sa til læresveinane sine: Framum alt; tak dykk i vare for surdeigen åt farisearane - hyklarskapen!
2 Det finst ingen ting som er duld og ikkje ein gong kjem fram i dagen, og ingen ting som er løynd og ikkje ein gong vert kjend.
3 Difor skal alt de talar i myrkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut taket.
4 Men til dykk som er venene mine, segjer eg: Ottast ikkje dei som drep lekamen og sidan ikkje hev makt til å gjera meir!
5 Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som hev makt til å drepa og sidan kasta i helvete. Ja, segjer eg dykk, han skal de ottast!
6 Sel dei ikkje fem sporvar for tvo øyre? og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud;
7 og jamvel alle håri hovudet dykkar er talde. Ver ikkje ottefulle! De er meir enn mange sporvar.
8 Og det segjer eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneski, han skal og Menneskesonen kjennast ved for Guds englar;
9 men den som avneittar meg for menneski, han skal avneittast for Guds englar.
10 Og den som talar mot Menneskesonen, skal tilgjeving for det; men den som spottar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving.
11 Når dei no fører dykk fram for synagogone og dei som styrer og råder i landet, so syt ikkje for korleis eller kva de skal svara for dykk, eller kva de skal segja!
12 For den Heilage Ande skal læra dykk dei rette ordi i same stundi.
13 Ein utor folkehopen sa til han: Meister, seg til bror min at han skal skifta arven med meg!
14 Kven sette meg til domar eller skiftemeister for dykk, mann? svara Jesus
15 So sa han til dei: Sjå og tak dykk i vare for all havesykja! For ingen kann tryggja livet sitt med det han eig, um han er aldri so rik.
16 Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann; jordi hans hadde bore godt,
17 og so sa han med seg: Kva skal eg gjera? eg hev ikkje husrom til grøda mi.
18 Jau, so vil eg gjera, sa han: Eg vil taka ned løone mine og byggja dei større, og der vil eg samla heile avlingi og alt godset mitt.
19 Og so vil eg segja til meg sjølv: Du, no hev du mykje godt liggjande for mange år; unn deg no ro, et og drikk og ver glad!
20 Men Gud sa til han: Du dåre, i denne natt krev dei sjeli di av deg. Kven skal so hava det du hev sanka i hop?
21 So gjeng det den som samlar seg gods og gull og ikkje er rik i Gud.
22 Difor segjer eg dykk, sa han til læresveinane: Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for lekamen, kva de skal klæda dykk med.
23 Livet er meir enn maten, og lekamen meir enn klædi.
24 Akta ramnane! dei sår ikkje og haustar ikkje, dei hev ikkje stabbur og ikkje løa, og Gud føder dei like vel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!
25 Og kven av dykk kann leggja ei aln til si livslengd, um han syter aldri so mykje?
26 Kann de no ikkje ein gong gjera so mykje, kvi syter de for det hitt?
27 Akta liljone, korleis dei veks! dei korkje spinn eller vev; men eg segjer dykk: Ikkje ein gong Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av dei.
28 Klæder no Gud soleis graset marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje heller vil han ikkje klæda dykk, de fåtruande!
29 So tenk no ikkje de heller allstødt kva de skal eta, og kva de skal drikka, og lat ikkje hugen vanka for vidt!
30 Det er heidningane kring i verdi som spør etter alt dette; men Far dykkar veit at de treng desse ting.
31 Søk heller hans rike, so skal de dette attpå!
32 Ottast ikkje, du vesle hjord! Det er Far dykkar's vilje å gjeva dykk riket!
33 Sel det de hev, og gjev sælebotsgåvor. Gjer dykk pungar som ikkje vert utslitne, ein skatt som aldri tryt, i himmelen, der ingen tjuv kjem innåt, og ingen mòl øyder!
34 For der skatten dykkar er, vil og hjarta dykkar vera.
35 Hav lendene umbundne, og lat lyktene brenna!
36 Ver de som folk som ventar herren sin til han bryt upp frå brudlaupet, so dei kann lata upp for han med same han kjem og bankar på.
37 Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Det segjer eg dykk for visst: Han skal binda upp klædi sine og føra dei til bords og koma og setja fram for dei.
38 Anten han kjem midt natti, eller når det lid ut i otta - sæle er dei når han finn det so.
39 Men det skynar de nok, at dersom husbonden visste kva tid og time tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.
40 So ver reiduge de og! For Menneskesonen kjem ei tid de ikkje tenkjer.
41 Peter spurde: Herre, er det oss du talar um i denne likningi, eller alle andre med?
42 sa Herren: Ja, kvar er han, den trugne hushaldaren, den vituge, som husbonden vil setja yver tenestfolket sitt, so han skal lata dei kosten sin i rett tid?
43 Sæl den tenar som husbonden finn so gjerande når han kjem!
44 Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja han yver alt det han eig.
45 Men dersom tenaren segjer med seg: Herren min drygjer nok endå ei stund, og han so tek til å slå drengene og gjentone og eta og drikka og fylla seg,
46 skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar, og ein time han ikkje veit av, og hogga han sund og lata han sin lut i lag med dei utrue.
47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og ingen ting steller i stand eller gjer av det som han vil, skal mykje hogg,
48 men den som ikkje veit det, og gjer det som hogg er verdt, skal mindre. Av den som mykje hev fenge, ventar ein mykje, og den dei hev trutt mykje til, krev dei so mykje meir av.
49 Eg er komen for å kasta eld utyver jordi, og kor gjerne eg vilde at det alt hadde fata!
50 Men eg lyt ganga igjenom ein dåp, og kor eg gruvar meg til det er gjort!
51 Trur de eg er komen for å skapa fred jordi! Nei, segjer eg dykk, men strid!
52 Heretter skal fem i same huset liggja i strid med kvarandre: Tri mot tvo og tvo mot tri,
53 far mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, vermor mot sonekona og sonekona mot vermor.
54 Til folket og sa han: Når de ser det stig ei sky upp i vest, segjer de straks: Det kjem regn, og det vert so.
55 Og ser de blæs av sud, segjer de: Det vert heitt, og so vert det.
56 Hyklarar! Jord- og himmelsbragdi veit de å tyda; korleis hev det seg at de ikkje kann tyda denne tidi?
57 Og kvi dømer de ikkje frå dykk sjølve kva rett er?
58 Soleis når du gjeng for retten med motparten din, gjer deg fyre so du kann koma til liks med han vegen. Elles dreg han deg gjerne for domaren, og domaren sender deg yver til, og futen set deg i fengsel;
59 du slepp ikkje ut att, segjer eg deg, fyrr du hev greidt alt, til siste øyren.