Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Leviticus 6

:
Norwegian - NO1938N
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Seg til Aron og sønene hans: So er lovi um brennofferet: Brennofferet skal liggja bålet sitt altaret heile natti, til morgons, og soleis skal altarelden nørast.
3 Og presten skal klæda seg i lereftskjolen sin, og ei lereftsbrok skal han hava seg næst kroppen, og han skal taka burt oska etter brennofferet som elden hev tært upp altaret, og leggja henne attmed altaret.
4 So skal han hava av seg klædebunaden sin og taka seg andre klæde og bera oska ut or lægret til ein rein stad.
5 Men elden skal haldast vaken altaret; han ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, og leggja brennofferet uppå veden og saman med det brenna takkofferfeittet.
6 Elden skal allstødt brenna altaret og aldri slokna.
7 So er lovi um matofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram åt altaret.
8 Og presten skal taka ein neve av det fine mjølet og oljen i matofferet og all røykjelsen som fylgjer med matofferet, og brenna det altaret; det er eit minningsoffer åt Herren, eit som gjev god ange.
9 Og det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta; det skal etast usyrt ein heilag stad; i fyregarden til møtetjeldet skal dei eta det.
10 Med surdeig det ikkje bakast. Det er den luten eg hev gjeve dei av eldofferi mine; høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet.
11 Alle menner som er ætta frå Aron, eta av det; gjenom alle tider og ætter skal det vera dykkar lut av Herrens eldoffer; kvar den som rører dei, skal vera heilag.
12 Og Herren tala til Moses og sa:
13 Den offergåva som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei vert salva, det er tiandeparten av ein efa fint mjøl; det skal vera det dagvisse matofferet, helvti um morgonen og helvti um kvelden.
14 Med olje skal det lagast til ei takka; godt knoda skal det vera når du kjem med det; eit matoffer som er sundbytt i småstykke, skal du bera fram til godange for Herren.
15 Den av sønene åt Aron som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til; det er ei æveleg lov; heile offeret skal brennast for Herren.
16 Alle preste-matoffer skal vera heiloffer; dei ikkje etast.
17 Og Herren tala til Moses og sa:
18 Tala til Aron og sønene hans og seg: So er lovi um syndofferet: same staden som dei slaktar brennofferet, skal syndofferet og slaktast for Herrens åsyn; høgheilagt er det.
19 Presten som ber fram syndofferet, eta det; ein heilag stad skal det etast, i fyregarden til møtetjeldet.
20 Kvar den som rører offerkjøtet, skal vera heilag. Kjem det noko av blodet eit klædeplagg, so skal du två det ein heilag stad.
21 Er det ei leirgryta kjøtet vert koka i, so skal ho slåast sund; men er det ein koparkjel, so skal han skurast og skyljast med vatn.
22 Alle menner som er prestar, eta av dette offeret; det er høgheilagt.
23 Men dei syndofferi som det vert bore blod av inn i møtetjeldet, til å gjera soning med i heilagdomen, dei aldri etast; dei skal brennast i elden.