Leviticus 24NO1938N

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Seg til Israels-borni at dei skal koma med skir olje av sundstøytte oljebær til ljosestaken, so lampone kann setjast upp til kvar tid.

3Utanfor teppet som heng attfor vitnemålet i møtetjeldet, skal Aron stella lampone so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon, stødt og stendigt; det skal vera ei æveleg lov for dykk, frå ætt til ætt.

4På den bjarte gullstaken skal han skipa lampone for Herrens åsyn seint og tidleg.

5So skal du taka fint mjøl og baka tolv kakebrød; i kvart brød skal det vera tvo tiandepartar av ein efa.

6Og dei skal du leggja i tvo rader, seks i kvar rad, på gullbordet for Herrens åsyn.

7Og på kvar rad skal du leggja rein røykjelse; det skal vera eit minningsoffer for brødi, eit eldoffer åt Herren.

8Kvar sabbatsdag skal han leggja brødi fram for Herrens åsyn, stødt og stendigt; det skal vera ei gåva frå Israels-borni - ei æveleg pakt.

9Og Aron og sønene hans skal få dei og eta dei på ein heilag stad; for dei er høgheilage og er hans lut av Herrens eldoffer - ein æveleg rett.

10Ein som var son til ei israelitisk kvinna, men hadde ein egyptar til far, gjekk ein gong ut millom Israels-borni, og han og ein av Israels-mennene kom i tretta med kvarandre i lægret.

11Og son til den israelitiske kvinna - ho heitte Selomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å spotta Herrens namn og banna det.

12Då førde dei han burt til Moses og sette han fast til dei kunde få saki avgjord med eit ord frå Herren.

13Og Herren tala til Moses og sa:

14Før spottaren ut or lægret, og alle dei som høyrde på det, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile lyden skal steina han.

15Og til Israels-borni skal du segja: Den som bannar sin Gud, lyt lida for syndi si,

16og den som spottar Herrens namn, han skal lata livet; heile lyden skal steina han i hel; anten han er framand eller fødd og boren i landet, so skal han steinast, so sant han hev spotta Herrens namn.

17Slær nokon ein mann i hel, so skal han lata livet.

18Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva like for det, liv for liv.

19Valdar nokon at næsten hans fær skade på lekamen, so skal dei gjera det same med han som han sjølv hev gjort:

20brot for brot, auga for auga, tonn for tonn; det same meinet som han hev gjort ein annan, skal han sjølv få.

21Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva lika for det; men den som slær i hel eit menneske, skal lata livet.

22Det er same retten for dykk alle, for den framande likso vel som for den som er fødd og boren i landet; for eg er Herren dykkar Gud.

23Og Moses kunngjorde dette for Israels-borni, og dei førde spottaren ut or lægret og steina han i hel: Israels-borni gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.