Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Leviticus 13

:
Norwegian - NO1938N
1 Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
2 Når nokon fær notror eller utbrot eller ein ljos flekk hudi, og det synest laga seg til spillsykja hudi hans, so skal dei koma til Aron, presten, med han, eller til ein av sønene hans, prestane.
3 Presten skal skoda dei såre flekkene hudi, og dersom det synest liggja djupare enn skinnet, og håri dei hev kvitna, so er det spillsykja, og med same presten ser det, skal han segja mannen urein.
4 Er det ein kvit sårkeflekk han hev fenge hudi, og flekken ikkje synest liggja djupare enn skinnet, og håri han ikkje hev kvitna, so skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.
5 Den sjuande dagen skal presten sjå han yver; tykkjer han at sårken hev stana og ikkje breidt seg vidare ut yver hudi, so skal han halda mannen innestengd i sju dagar til.
6 Når dei er lidne, skal presten sjå han yver ein gong til, og dersom den såre flekken hev bleikna og ikkje hev ete um seg hudi, so skal han segja mannen rein; for er det berre eit meinlaust utbrot; han skal två klædi sine, so er han rein.
7 Men et utbrotet meir og meir um seg hudi hans etter han hev synt seg fram for presten og bedt at han vilde segja han rein, so skal han syna seg fram for presten ein gong til.
8 Når presten skodar han og ser at utbrotet hudi hev auka, so skal han segja han urein; er det spillsykja.
9 Når ein hev fenge spillsykja, so skal dei koma til presten med han.
10 Ser presten ei kvit notra hudi, som håri hev kvitna på, og som det gror villkjøt i,
11 so er det gamal spillsykja i hudi lekamen hans, og skal presten segja han urein; han treng ikkje fyrst stengja han inne; for han er alt urein.
12 Bryt spillsykja ut so sterk at ho dekkjer heile hudi, frå hovud til fot, den som er sjuk, kvar so presten fester augo sine -
13 ser presten, når han skodar den sjuke, at spillsykja hev breidt seg ut yver heile lekamen hans, so skal han segja han rein; er han heiltupp kvit vorten, so er han rein.
14 Men so snøgt det syner seg villkjøt han, vert han urein,
15 og når presten ser villkjøtet, skal han segja han urein; for villkjøtet er ureint; det er spillsykja i det.
16 Gjeng villkjøtet burt att, og den sjuke vert kvit, so skal han ganga til presten,
17 og når presten hev skoda han og set at han hev vorte kvit, so skal han segja han rein; for er han rein.
18 Fær nokon ein verk hudi, og den vert lækt,
19 men det sidan kjem ei kvit notra eller ein bleikraud flekk der verken hev vore, so skal han syna seg for presten.
20 Presten skal sjå han yver, og dersom flekken synest vera lågare enn skinnet, og håri han hev kvitna, so skal han segja mannen urein; er det spillsykja som hev brote ut i verken.
21 Men ser presten at det ikkje er kvite hår flekken, og at han ikkje er lågare enn skinnet, og at han er bleik, so skal han halda mannen innestengt i sju dagar.
22 Et so flekken vidare og vidare um seg hudi, so skal presten segja han urein; er det spillsykja.
23 Men held den ljose flekken seg same staden og ikkje et seg utyver, so er det berre æret etter verken, og skal presten segja han rein.
24 Hev nokon fenge eit brunesår hudi, og kjøtet som gror i såret, ter seg som ein bleikraud eller kvit flekk,
25 so skal presten skoda såret. Synest flekken liggja djupare enn skinnet, og hev håri han kvitna, so er det spillsykja som hev brote ut i brunesåret, og presten skal segja mannen urein; det er spillsykja.
26 Men ser presten, når han skodar flekken, at det ikkje er kvite hår han, og at han ikkje er lågare enn skinnet, og at han er bleik, so skal han stengja mannen inne i sju dagar.
27 Den sjuande dagen skal presten sjå han yver, og dersom flekken hev ete um seg skinnet hans, so skal presten segja han urein; er det spillsykja.
28 Men er flekken bleik og hev halde seg same staden og ikkje ete seg utyver, so er det merke etter brunesåret, og presten skal segja mannen rein; for dette er berre æret etter brunesåret.
29 Fær ein mann eller ei kvinna ein sårkeflekk hovudet eller i skjegget,
30 so skal presten skoda flekken, og dersom flekken synest liggja djupare enn skinnet, og det er gule, tunne hår han, so skal presten segja det mennesket ureint; er det skurv, spillsykja hovudet eller i skjegget.
31 Tykkjer presten som skodar sårkeflekken, at han ikkje ligg djupare enn skinnet, men der ikkje er svarte hår å sjå, so skal han halda den skurvute innestengd i sju dagar.
32 Den sjuande dagen skal presten skoda den såre flekken, og dersom skurvet ikkje hev ete seg utyver, og det ikkje hev kome gule hår det, og det ikkje synest liggja djupare enn skinnet,
33 so skal den skurvute raka seg, men ikkje skurveflekken, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til.
34 Når presten den sjuande dagen skodar sårkeflekken endå ein gong, og skurvet ikkje hev ete um seg og ikkje synest liggja djupare enn skinnet, so skal han segja den sjuke rein; han skal två klædi sine, so er han rein.
35 Er det likt til at skurvet vil eta um seg hudi etter den sjuke var sagd rein,
36 so skal presten sjå han, og ser han at skurvet hev breidt seg ut skinnet, so treng han ikkje leita etter dei gule håri; mannen er urein kor som er.
37 Men synest det for hans augo som skurvet hev stana, og hev det grott svarte hår skurveflekken, so er sjukdomen lækt; den skurvute er rein att, og presten skal segja han rein.
38 Fær ein mann eller ei kvinna kvite flekker lekamen,
39 so skal presten sjå dei yver. Ser han dimme, kvite flekker skinnet deira, so er det berre eit meinlaust utbrot som hev kome fram, og dei er like reine for det.
40 Um ein misser håret og vert snaud i hovudet, so er han like rein for det.
41 Fer håret av han framantil, so han vert fleinskalla, so er han og like rein.
42 Men syner det seg ein bleikraud sårkeflekk der han er snaud, anten det er bak eller framme i hovudet, so er det spillsykja som bryt ut i nakken eller skallen hans.
43 skal presten skoda han, og dersom han i nakken eller skallen hans finn bleikraude sårkenotror som likjest dei notrone ein spillsjuk kann hava kroppen,
44 so er mannen spillsjuk; han er urein, og presten skal segja han urein; han hev fenge sjuken i hovudet.
45 Den som spillsykja hev råma, lyt ganga med sundrevne klæde og uflitt hår; han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: Urein, urein!
46 Alt medan sjukdomen held han, skal han gjelda for urein; for urein er han. For seg sjølv skal han bu; utanfor lægret skal han hava sitt tilhald.
47 Kjem det spillsykja eit klædeplagg, ullplagg eller linplagg,
48 eller varp eller veft av lin eller ull eller skinn eller noko som er gjort av skinn,
49 og er flekkene som syner seg klædeplagget eller skinnet eller varpet eller veften eller noko som er gjort av skinn, grønvorne eller raudvorne, so er det spillsykja, og det skal synast for presten.
50 Når presten hev skoda det, skal han halda det som flekkene er på, innelæst i sju dagar.
51 Ser han so den sjuande dagen at flekkene hev ete um seg klædeplagget eller varpet eller veften eller skinnet eller noko som er gjort av skinn, so er det stygg spillsykja; det som flekkene hev synt seg på, er ureint
52 og skal brennast upp, anten det er eit klædeplagg eller varp eller veft av ull eller lin eller noko som er gjort av skinn, kva det so er; det fylgjer fårleg spillsykja med det; difor skal det brennast upp i elden.
53 Ser presten at flekkene ikkje hev ete um seg klædeplagget eller varpet eller veften eller skinnet, kva det so er,
54 so skal han setja folk til å två det som flekkene hev synt seg på, og halda det innelæst sju dagar til.
55 Når han so skodar det etter det er tvege, og flekkene ikkje er annarleis å sjå til enn fyrr, so er det ureint, endå skaden ikkje hev ete seg vidare utyver; du skal brenna det upp i elden; for det er av det slaget som et seg inn, ranga eller retta.
56 Men ser presten at flekkene plagget eller skinnet eller varpet eller veften hev bleikna etter tvåtten, so skal han skjera dei ut.
57 Kjem dei att sidan, klædeplagget eller varpet eller veften eller noko som er gjort av skinn, so er det spillsykja som bryt ut nytt lag, og skal du brenna upp det som flekkene hev synt seg på.
58 Men det klædeplagget og det varpet og den veften og det skinnet som flekkene gjeng burt av når ein tvær det, det skal tvåast upp att, so er det reint.
59 Dette er lovi um spillsykja ull- eller linklæde og varp og veft og allslags ting som er gjorde av skinn, so de kann vita når sovore skal segjast reint, og når det skal segjast ureint.