1Eg er mannen som hev set naud under hans vreide-ris.
2Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.
3Berre mot meg vender han si hand uppatt og uppatt heile dagen.
4Han let mitt hold og mi hud tærast upp, han krasa mine bein.
5Han bygde ein mur imot meg og ringa meg inn med beiska og møda.
6På myrke stader let han meg bu lik dei som longe er daude.
7Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.
8Endå eg skreik og ropa, let han øyra att for mi bøn.
9Han stengde mine vegar med mur av tilhoggen stein, gjorde det uført på stigane mine.
10Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.
11Til villstig gjorde han min veg, han reiv meg sund og la meg i øyde.
12Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.
13Han let pilehus-sønene sine renna inn i mine nyro.
14Eg vart til lått for alt mitt folk, ei nidvisa for dei heile dagen.
15Han metta meg med beiske urter, gav meg nøgdi med malurt å drikka.
16Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.
17Du støytte meg burt og tok min fred; eg gløymde kor det var å hava det godt,
18og eg sa: Det er ute med mi kraft og mi von til Herren.
19Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og gall!
20Mi sjel, ho kjem det i hug og er nedbøygd i meg.
21Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:
22Herrens nåde er det at det ikkje er ute med oss; for hans miskunn er endå ikkje all.
23Ho er ny kvar morgon, din truskap er stor.
24Herren er min lut, so segjer mi sjel; difor vonar eg på han.
25Herren er god med dei som ventar på han, med den sjel som søkjer han.
26Det er godt at ein er still for Herren og biar på frelsa frå han.
27Det er godt for ein mann at han ber åk i sin ungdom,
28at han sit einsleg og tegjer, når han legg byrder på han,
29at han luter seg med munnen mot moldi og segjer: Kann henda det endå er von -
30at han snur kinni til den som slær han, let seg metta med hæding.
31For Herren støyter ikkje æveleg burt,
32men um han legg på sorg, so miskunnar han att etter sin store nåde;
33for det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.
34Når dei krasar under fot alle fangar på jordi,
35rengjer retten for mannen framfor åsyni åt den Høgste
36eller gjer urett mot ein mann i hans sak - tru Herren ikkje ser det?
37Kven tala so det vart, um Herren ikkje baud?
38Kjem ikkje frå munnen åt den Høgste både vondt og godt?
39Kvi klagar eit menneske som lever? Kvar syrgje yver si eigi synd!
40Lat oss ransaka våre vegar og granska dei og venda um til Herren!
41Lat oss lyfta hjarta og hender til Gud i himmelen!
42Me hev synda og vore ulydige: du hev ikkje tilgjeve.
43Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.
44I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.
45Til skarn og til avrak gjorde du oss midt imillom folki.
46Dei spila upp sitt gap imot oss alle våre fiendar.
47Gru og grav det vart vår lut, øyding og tjon.
48Tårebekker renn or mitt auga for di mitt folks dotter er tynt.
49Mitt auga sirenn, det roar seg ikkje,
50fyrr Herrens auga ser ned frå himmelen.
51Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for alle døtterne i min by.
52Dei jaga og elte meg som ein fugl dei som var mine fiendar utan årsak.
53Dei vilde taka livet av meg, dei vilde kasta meg i brunnen, og dei kasta stein på meg.
54Vatnet flødde yver mitt hovud; eg sa: Det er ute med meg.
55Eg kalla på ditt namn, Herre, or djupaste brunnen.
56Du høyrde mi røyst; lat ikkje øyra att for mitt rop, men gjev meg lindring!
57Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sa: Ver ikkje redd!
58Du, Herre, hev ført saki for mi sjel, du hev løyst ut mitt liv.
59Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!
60Du hev set all deira hemnhug, alle deira meinråder mot meg.
61Du hev høyrt deira hæding, Herre, alle deira meinråder mot meg,
62det mine motstandarar sa og tenkte imot meg dagen lang.
63Ansa på dei når dei sit, og når dei stend upp! Nidvisor syng dei um meg.
64Du vil gjeva dei lika, Herre, for det deira hender hev gjort.
65Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, di forbanning skal råka dei.
66Du vil elta dei i vreide og tyna dei, so dei ikkje finst meir under Herrens himmel.