Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Judges 4

:
Norwegian - NO1938N
1 Ehud var burte, gjorde Israels-borni atter det som var Herren imot.
2 slepte han dei i hendene Jabin, kana'anitarkongen. Jabin hadde kongssætet sitt i Hasor. Hovdingen yver heren hans heitte Sisera; han budde i Haroset-Haggojim.
3 Og Israels-borni ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-borni hardt i tjuge år.
4 I den tidi var Debora, kona åt Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinna
5 og sat jamleg under eit palmetre millom Rama og Betel Efra'imsfjellet - det treet vart heitande Debora-palma - og Israels-borni kom upp til henne, so hu skulde skifta rett millom dei.
6 Ho sende bod etter Barak, son åt Abinoam, frå Kedes i Naftalifylket og sa til han: Høyr no kva Herren, Israels Gud, segjer til deg: Tak ut og drag upp Taborfjellet og hav med deg ti tusund mann av Naftali- og Sebulons-ættene!
7 Og eg skal draga Sisera, hovdingen yver Jabins-heren, burtåt deg til Kisonbekken med vognene og heile heren hans og gjeva han i dine hender.
8 svara Barak: Gjeng du med meg, so skal eg taka ut, men gjeng du ikkje med, so gjeng ikkje eg heller.
9 Debora sa: Visst skal eg ganga med deg, men fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvinnehand. So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.
10 Og Barak stemnde Sebulon og Naftali i hop til Kedes; ti tusund mann fylgde etter han, og Debora var med.
11 Den gongen hadde Heber, ein av kenitane, som var ætta frå Hobab, verbror åt Moses, skilt lag med ætti si, og no flutte han med tjeldbuene sine alt burt til Sa'ana'imeiki, som stend innmed Kedes.
12 Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren upp Taborfjellet,
13 baud han ut alle vognene sine, ni hundrad jarnvogner, og alt folket han hadde med seg; dei skulde fara frå Haroset-Haggojim til Kisonbekken.
14 sa Debora til Barak: Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du ikkje at Herren gjeng fyre deg i striden? So for Barak ned av Taborfjellet, og det fylgde han ti tusund mann.
15 Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjempone og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; steig Sisera ned av vogni og rømde sin fot.
16 Men Barak elte vognene og heren alt til Haroset-Haggojim, og heile Sisera-heren fall for sverdet; det vart ikkje att ein einaste mann.
17 Sisera rømde sin fot til tjeldbui hennar Jael, kona åt Heber, keniten; for det var fred millom Jabin, Hasor-kongen, og ætti åt Heber.
18 Og Jael gjekk ut imot Sisera og sa: Kom inn, herre, kom inn til meg! Du tarv ikkje vera redd! gjekk han inn i tjeldbui til henne, og ho gøymde han under felden.
19 So sa han: Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er tyrst. opna ho mjølkeflaska og gav han drikka og breidde han.
20 Og han sa til henne: Statt i budøri, og kjem det einkvar og spør deg um her er nokon, so seg: Nei!
21 var det Jael, kona åt Heber, tok ein tjeldnagle og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handi, og medan han, trøytt som han var, låg i fastaste svevnen, slo ho naglen gjenom tunnvangen hans, so han gjekk ned i jordi. Soleis døydde han.
22 I same belet kom Barak og søkte etter Sisera. gjekk Jael ut imot han og sa: Kom, so skal eg syna deg den mannen du leitar etter! So gjekk han inn til henne, og fekk han sjå at Sisera låg livlaus jordi med naglen gjenom tunnvangen.
23 Den dagen bøygde Gud Jabin, kana'ans-kongen, i kne for augo åt Israels-borni;
24 og Israels hand låg tyngre og tyngre Jabin, Kana'ans-kongen, til dei reint gjorde ende han.