Judges 2NO1938N

1Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sa: Eg henta dykk upp frå Egyptarland og førde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sa: Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk,

2og de skal ikkje gjera samband med dei som bur her i landet; de skal riva ned altari deira. Men de høyrde ikkje på ordi mine. Kvi gjorde de ikkje det?

3Eg sa og: Eg vil ikkje driva dei burt for dykk; dei skal verta til broddar i sidone dykkar, og gudane deira skal verta ei snara for dykk.

4Soleis tala Herrens engel til alle Israels-borni. Då gret folket høgt;

5difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

6Då Josva hadde bede farvel med folket, og Israels-borni var farne heim, kvar til sin odel, og skulde eigna til seg landet,

7då tente folket Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til, som levde etter Josva og hadde set alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.

8Men då Josva Nunsson, Herrens tenar, var slokna, hundrad og ti år gamal,

9og dei hadde gravlagt han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres i Efra'imsfjelli, nordanfor Ga'asfjellet,

10og då heile den ætti var fari til federne sine, og det hadde vakse upp ei ny ætt, som ikkje kjende Herren og ikkje visste kva han hadde gjort for Israel,

11då gjorde Israels-borni det som var Herrens imot, og dyrka Ba'alane;

12dei vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, som hadde ført dei ut or Egyptarlandet, og heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolki, og tilbad dei og arga Herren;

13dei vende seg frå Herren og dyrka Ba'al og Astarte-bileti.

14Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei; han slepte dei i hendene på uvenene deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendane.

15Kvar dei for fram, var Herrens hand imot dei, so det gjekk dei ille, som Herren hadde sagt dei, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud.

16Då let Herren domarar standa fram, som berga dei frå røvarane.

17Men dei lydde ikkje domarane sine heller og heldt seg med andre gudar og tilbad dei; dei tok snart ut av den vegen som federne deira hadde fylgt; for dei lydde Herrens bod, men so gjorde ikkje desse.

18Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom dei, so var Herren med domaren og berga dei frå uvenene deira so lenge domaren levde; for Herren ynkast yver dei når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka.

19Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar og dyrka dei og tilbad dei; dei la ikkje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si trassige framferd.

20Då vart Herren harm på Israel, og han sa: For di dette folket hev brote den pakti eg gjorde med federne deira, og ikkje hev lydt mine ord,

21so vil ikkje eg heller hjelpa dei meir og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde.

22Med dei skulde Israel røynast um dei vilde halda seg etter Herrens vegar og ganga på dei, som federne deira gjorde, eller ikkje.

23Soleis var det Herren let desse folki få vera og ikkje straks dreiv dei ut og ikkje gav dei i Josvas hender.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Judges 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.