1Ein gong kom Samson til Gasa; der fekk han sjå ei skjøkja, og gjekk inn til henne.
2Då det spurdest bland folket i Gasa at Samson var komen der, ringa dei han inne og lurde på han innmed byporten heile natti, men heldt seg elles rolege med natti var. Dei tenkte: Me vil bia til det dagast; då skal me slå han i hel.
3Samson vart liggjande til midt på natti. Midnattsbel reis han upp. Han tok tak i dørene i byporten og i båe portstolpane og rykte dei upp i hop med bommen, la dei på herdane og bar dei upp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.
4Sidan la han hug til ei kvinna i Sorekdalen, som heitte Dalila.
5Då kom filistarhovdingane upp til henne og sa: Sjå um du kann få lokka han til å segja deg kvar han hev den store styrken sin frå, og korleis me kann råda med han og binda han, so me fær døyvt han! Då skal me gjeva deg elleve hundrad sylvsekel kvar.
6So sa Dalila til Samson: Kjære, seg meg kvar du hev den store styrken din frå, og korleis du kann bindast, so ein fær døyvt deg!
7Samson svara: Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje hev vorte turre, so veiknar eg og vert som eit anna menneske.
8Då kom filistarhovdingane upp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde vorte turre; dei batt ho han med,
9og i kammerset hadde ho folk sitjande og lura. So ropa ho: Filistarane er yver deg, Samson! Då sleit han sund strengene som ein strytråd brest når han kjem innåt elden, og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
10So sa Dalila til han: Du hev narra meg og loge for meg! Kjære, seg meg no korleis du kann bindast!
11Han svara: Dersom dei bind meg vel med nye reip som aldri hev vore bruka til noko, so veiknar eg og vert som eit anna menneske.
12So tok Dalila nye reip og batt han med og ropa: Filistarane er yver deg, Samson! Og i kammerset sat det folk og lurde. Men han sleit reipi av armane sine som det var tråd.
13Då sa Dalila til han: Til dessa hev du narra meg og loge for meg! Seg no korleis du kann bindast! Han svara: Dersom du vev dei sju hårflettene mine i hop med varpet i veven.
14So slo ho dei fast med vevskeii og ropa: Filistarane er yver deg, Samson! Då vakna han or svevnen og rykte ut både vevskeii og varpet.
15So sa ho til han: Korleis kann du segja du hev meg kjær når du ikkje hev tiltru til meg? No hev du narra meg tri gonger og ikkje sagt meg kvar du hev den store styrken din frå.
16Som ho no tagg og truga dag etter dag og aldri let han få fred, vart han so leid seg at han vilde mest døy,
17og so opna han heile sitt hjarta for henne og sa: Det hev aldri kome rakekniv på mitt hovud; for eg hev vore ein Guds nasirear alt frå morsliv. Vert eg raka, so fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneske.
18Då skyna Dalila at han hadde sagt henne heile sanningi; ho sende bod etter filistarhovdingane og sa: Kom no upp! For denne gongen hev han sagt meg heile sanningi. Då kom filistarhovdingane upp til henne, og hadde pengane med seg.
19So svævde ho Samson i fanget sitt og ropa på ein mann ho hadde sitjande der, og let han raka av dei sju hårflettone hans; då tok ho til å plaga han, og styrken hans for frå han.
20Og Dalila ropa: Filistarane er yver deg, Samson! Då vakna han or svevnen og tenkte: Eg skal gjera meg fri og rista meg laus, som so mang ein gong fyrr. For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg ifrå han.
21Filistarane tok Samson og stakk ut augo på han og førde han ned til Gasa. Der batt dei han med dobbel koparlekkja, og han laut sveiva handkverni i fangehuset.
22Men håret hans tok til å veksa med same det var raka.
23So kom Filistarhovdingane i hop og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest; for dei sa: Vår gud hev gjeve Samson, vår uven, i vår makt.
24Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa: Vår gud hev gjeve uvenen vår i våre hender, han som herja landet vårt og drap so mange av oss.
25Som dei no var komne på godlag, ropa dei: Henta Samson hit, so han kann leika for oss! Då henta dei Samson or fangehuset, og han laut leika for dei. Dei sette han millom stolpane.
26Då sa Samson til guten som leidde han: Slepp meg, og lat meg få halda i dei stolpane som huset kviler på, og stydja meg innåt dei.
27Men huset var fullt av menner og kvinnor; alle filistarhovdingane var der, og på taket var det um lag tri tusund menner og kvinnor, som såg på medan Samson leika.
28Og Samson kalla på Herren og sa: Herre, Herre! Kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen, min Gud, so eg fær hemnt meg på filistarane for eitt av dei tvo augo mine.
29So femnde han kringum båe midstolpane som huset kvilde på, og klemde dei innåt seg, ein med høgre og ein med vinstre handi.
30Og han sa: Lat meg døy i hop med filistarane! So tok han i med all si makt då ramla huset i hop yver hovdingane og yver alt folket som var der, og dei som han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe med han levde.
31Men brørne hans og alt skyldfolket kom ned og tok han og førde han heim og sette han ned i gravstaden åt Manoah, far hans, millom Sora og Estaol. Då hadde han styrt Israel i tjuge år.